Haaheim Gaard viser veg , vinnar av inspirasjonsprisen 2025
Det er med stoltheit me kan dele at Haaheim Gaard på Tysnes i går fekk utlevert plaketten for inspirasjonsprisen Årets Miljøfyrtårn 2025, etter ei landsdekkande avstemming der publikum stemte fram vinnaren.
Prisen er ein viktig milepæl, ikkje berre for Haaheim, men for heile reiselivet i Sunnhordland. For oss som er ein del av det det felles arbeidet bak merkeordninga Berekraftig Reisemål, er dette eit handfast bevis på at arbeidet me gjer i lag verkar. Når ein av våre partnerbedrifter løftast fram nasjonalt som eit førebilete, styrkjer det både truverdet og retninga i berekraftsarbeidet vårt.
Haaheim Gaard har vore Miljøfyrtårn-sertifisert sidan 2022, og dei har jobba systematisk og konkret med å forbetre både miljøavtrykket og det sosiale engasjementet sitt. Blant resultata ser me 85 % reduksjon i matsvinn per gjest på to år, og ei kildesorteringsgrad som har auka med nær 30 %. I tillegg gjer dei ein viktig innsats for lokalmiljøet, blant anna med sterkt rabatterte kveldar for eldre og stønad til lokale lag og foreiningar.
Dette handlar ikkje berre om tal og tiltak, men om å leva verdiane sine i praksis, kvar einaste dag. Og nettopp det er kjernen i merkeordninga Berekraftig Reisemål: ei felles forplikting om å utvikla regionen til det beste for både innbyggjarar, besøkande og framtidige generasjonar.

Me vil gratulera Torstein Hatlevik og heile teamet på Haaheim med prisen og takkar samstundes alle dykk andre som kvar på sitt vis bidreg til å løfta Sunnhordland som ein berekraftig region. Dette gjev motivasjon til vidare innsats!