Region Sunnhordland er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Saman utviklar me ein framtidsretta region for fastbuande, tilreisande og framtidige generasjonar. Under vår paraply finn du Sunnhordlandsrådet, destinasjonsselskapet Visit Sunnhordland, bu- og omdømmeprosjektet Bu i Sunnhordland, prosjekt Rein Hardangerfjord og dotterselskapet UNESCO Geopark Sunnhordland.
Sunnhordland ligg fantastisk plassert midt mellom Bergen og Stavanger, og berre 1 times flytur unna Oslo. Her finn du nokon av dei fremste aktørane innan grøn omstilling, spanande utdanningstilbod og eit rikt utval innan kultur og idrett.
Er du ein av dei som ikkje klara å velja mellom fjell, fjord, hav og isbre? Vel då er du kommen på rett plass! Her er det kort veg frå storbyimpulsar til di eiga bortgøymde badestrand.
Velkommen til Sunnhordland!
Organisasjonskart
Her kan du laste ned organisasjonskartet for Region Sunnhordland.
Interkommunalt selskap
Region Sunnhordland er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane i Sunnhordland. Den politiske møteplassen Sunnhordlandsrådet (tidlegare Samarbeidsrådet for Sunnhordland), er skilt ut som eit søsterselskap under organisasjonsforma interpolitisk kommunalt råd.
Kommunane i Sunnhordland
Austevoll
Bente Kari Sletten Taranger
Ordførar
Etne
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar
Fitjar
Wenche Tislevoll
Ordførar
Kvinnherad
Vegard Bjørnevik
Ordførar
Stord
Sigbjørn Framnes
Ordførar
Sveio
André Mundal Haukås
Ordførar
Kontakt oss
Region Sunnhordland IKS
Postadresse:
Postboks 444
5403 Stord
Besøksadresse:
Vabakkjen 6
5411 Stord
Telefon:
412 17 024
E-post:
post@regionsunnhordland.no