Kontakt oss
Vabakkjen 6
5411 Stord
Norge
Postboks 444
5403 Stord
Norge
Kontakt oss
Vabakkjen 6
5411 Stord
Norge
Postboks 444
5403 Stord
Norge

Om Sunnhordlandsrådet

Sunnhordlandsrådet vart etablert i 1981 på Bekkjarvik og er eit av dei eldste regionråda i Norge. Sunnhordlandsrådet består av kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. I tillegg er kommunane Haugesund og Vindafjord observatørar. Sunnhordlandsrådet består av ordførar og kommunedirektør i kvar kommune.

Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid på generell basis med særleg vekt på alle typar tiltaksarbeid og utviklingsarbeid. Selskapet skal ta opp saker som kan fremja utviklinga av Sunnhordland, og leggja dei fram til drøfting og utgreiing.

Dette er nokon av oppgåvene til Sunnhordlandsrådet:

  • Fremja Sunnhordland sine interesser.
  • Fremja og samordna tiltaksarbeid i Sunnhordland med særleg vekt på regional utvikling, næringsutvikling og infrastruktur.
  • Vera pådrivar for betring av kommunikasjonstilhøva i Sunnhordland.
  • Utvikla ei samordna og effektiv marknadsføring for Sunnhordland.
  • Vera pådrivar for kultur- og identitetsskapande tiltaksarbeid.
  • Arbeida for kommunane sine rammevilkår.

Sunnhordland i tal

Sunnhordland er den sørvestlege delen av Vestland fylke, og strekkjer seg frå fylkesgrensa mot Rogaland i sør til Selbjørnsfjorden/Langenuen/Bjørnafjorden i nord.

Foto under: Turgåarar i Fitjarfjellet, med utsyn mot Austevoll © Ranveig M. Nesse.

8

kommunar

Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
2.977 km2

Landareal

66.505

Innbyggjarar

Kjelde: SSB
238 590

Gjesteovernattingar i 2023

Kjelde: SSB
Turgåarar i fjellet, grønkledd underlag, utsikt mot sjø og øyer. Foto.

Les meir om alle kommunane i Sunnhordland

Kva kjenneteiknar dei 8 kommunane og kva næringar er store? Kva moglegheiter fins i dei ulike kommunane?

I øyriket Austevoll kan du oppleve storslått kystnatur, milevis av oppmerka turløyper og smaksopplevingar i verdsklasse.

Austevoll, med sine 667 store og små øyer er både kjent for fisk, havbruk og kystnatur. Mange har nok også høyrt om både Bekkjarvik Gjestgiveri og Bekkjarvik gjestehamn – og det er nok ikkje utan grunn.

Med så mange øyer er Austevoll absolutt veleigna for øyhopping.
Her er både store og små øyer. Mange av dei store øyene er samanbundne med bruer. Det er på desse flesteparten av austevollingane bur. Landskapet er småkupert.

Det høgste fjellet er Loddo, på 243,5m. Fleire turstiar leier opp hit, der du finn både utsiktstårn, og dagsturhytta Adlesi.

Nærheten til havet gjer at smaksopplevingane er kortreise, heilt ferske og i verdsklasse. Villsauen har riket sitt her. Og like ved der sauen traskar – havets delikatesser i sjøen. Her er du i kystriket.

Ytterst mot havgapet, nord i Austevoll, ligg Skansen. Den siste skansen mot havet. Å sjå solnedgangen her er ei fantastisk oppleving. Frå Skansen kan du også sjå ut til Marsteinen fyr. Fyret er automatisert.

Kommunesenteret i Austevoll ligg på Storebø.

Den store øykommunen er ikkje landfast, men det er likevel lett å reise hit, anten du kjem til fots, med bil eller sykkel. Ferje og hurtigbåt gjer at det er lett å kome til Austevoll både frå byen Bergen og omkringliggjande kommunar.

Areal (SSB)
117,22 km2
Folketal 2023
5.288
Telefon
55 08 10 00
Nettside
austevoll.kommune.no
Facebook
Austevoll kommune
Austevoll map
Ordfører med ordførerkjede rundt halsen. Foto.
Bente Kari Sletten Taranger
Ordførar
Austevoll kommune
975 67 035
Person i svart dressjakke og kvit skjorte. Foto.
Hogne Haugsdal
Kommunedirektør
Austevoll kommune

Næringsliv og arbeidsmarknad

Bømlo har eit innovativt næringsliv kjenneteikna av skapar- og berekraft – heilt frå den første industriarbeidsplassen på Hespriholmen for 10.000 år sidan. Byggjefirma i Bømlo har mange flotte bustadfelt og tomter å tilby for dei som vil byggje nytt, både sentralt og meir landleg og med sjøutsikt. Det er og mange bustader og leilegheiter til sals. Det er gode høve for å finna ein jobb i eit næringsliv og ein arbeidsmarknad i stadig vekst. Folketalet i Bømlo er også i vekst.

Med sjø på alle kantar er mykje av industrien knytt opp mot fiske, oppdrett og sjøfart. Kopla mot den sterke gründertradisjonen og gjennomføringsviljen har det utvikla seg høgteknologiske miljø og mekanisk industri retta mot skipsfart, rederiverksemd knytt til fiske, frakt og offshoreindustri samt ei ekspansiv havbruksnæring.
Kombinasjonen av ei rekke verksemder innan maritim industri, bygg og anlegg, handel og service gjer arbeidsplassane robuste i skiftande konjunkturar og marknadar.
Vil du skape din eigen arbeidsplass på Bømlo er du i godt selskap, her er eit mylder av småbedrifter.

Kommunen sin samarbeidspartnar Atheno hjelper deg med utvikling av idéar og selskap i tidlegfasen.

Eit nytt teknologisenter og yrkesskule er bygd i Rubbestadneset. Bømlo fiskerihamn i Hovlandshagen på Langevåg vert ei ny stor fiskerihamn på søre Bømlo, noko som vil få stor regional innverknad.
Kommunen legg til rette for næringslivet og aktørar som vil satsa her, ikkje minst med storstilt satsing på veg og infrastruktur. Å styrka samarbeidet skule – næringsliv og utvikla samspelet mellom kultur og næringsverksemd er ei viktig oppgåve for kommunen.

Kultur og fritid

Kulturlivet i Bømlo er usedvanleg rikt. Dette gjev store opplevingar både for publikum og utøvarar.

På Bømlo kan du dykka, padla, klatra, bada og gå fine turar. Badeplassar finn du over heile øya, og dersom du vil ha fred og ro er det lett å finna seg ein våg ingen andre veit om i den fantastiske skjærgården vår. Kommunen har mange merka turløyper å velja mellom, og det karakteristiske fjellet vårt, Siggjo, blir besøkt av fjern og nær. Bømlo turlag stimulerer til mykje aktivitet. Dei har ei lang rekkje arrangement og turmarsjar, med undergrupper som barnas turlag, friluftsliv for alle og ei eiga dugnadsgruppe.
Bømlo symjehall stod ferdig i 2018 med konkurransebasseng, godt oppvarma treningsbasseng, stupetårn på 3 og 5 meter og dei tilbyr hinderløype. Den ligg vegg i vegg med Bømlohallen som både har klatrevegg og skytebane i tillegg til idrettshall. Lysløypa Fet startar like ved.

Skulesektor

Kommunen har 10 grunnskular, kulturskule og vaksenopplæringa. Nye Bremnes ungdomsskule vart teken i bruk i 2018 og har god plass til 450 elevar på 5.300 rutemeter i eit topp moderne bygg. Dei 8 private barnehager gjer at det er full barnehagedekning i kommunen.

Og ikkje minst, Bømlo har rein luft, fine folk, eit passe høgt fjell og 1000 øyar. Bømlo er eit eventyr!

Foto under:
  • Ordførar Morten Helland © Simon Knutsson Sortland
  • Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter © Peter Tubaas
Areal (SSB)
246,57 km2
Folketal 2023
12299
Sentralbord/kundetorg Bømlo kommune
53 42 30 00
Nettside
bomlo.kommune.no
Facebook
Bømlo kommune
Bømlo map
Bilde av mann med ordførerkjede.
Morten Helland
Ordførar
Bømlo kommune
930 27 497
Bilde av kommunedirektør i Bømlo kommune, mann med blå skjorte og mørk jakke.
Kjetil Aga Gjøsæter
Kommunedirektør
Bømlo kommune
53 42 30 52

Variert næringsliv og moglegheiter

Etne Kommune ligg sør i Vestland fylke og er kjent for sin rike kulturhistorie og flotte natur. Opplev Langfoss, Åkrafjorden, Skånevik og uendeleg med turmoglegheiter i Etnefjella! Du finn eit variert næringsliv i Etne kommune, med jordbruk, industri, handel, service og tenesteytande næringar. Det vert satsa på nyskaping og etablering av ulike typar bedrifter, og det er viktig for kommunen at der finst arbeidsplassar for dei unge som har ønskje om å etablera seg her.

Etne sentrum og Etneelva

Etneelva er ei av dei mest populære lakseelvene på vestlandet, og tiltrekk seg årleg håpefulle fiskarar frå juni til august. I Etne sentrum finn du det du treng av butikkar og tilbod som overnatting, restaurant, kino og kunstgalleri. Her blir også Etnemarknaden arrangert – kvart år i august. Her er det kombinasjon av kultur- og familieopplevingar for store og små. Etne Cup samlar om lag 2000 fotballspelarar i alderen 9-13 år midt i juni.

Skånevik og Åkrafjorden

I Skånevik finn du eit koseleg sentrum med butikkar, bakar og hotell. Sommarstid kan du få med deg forskjellige festivalar. Her er og mange turløyper, bademoglegheiter og aktivitetar. Den årlege Skånevik Bluesfestivalen trekkjer til seg besøkande frå nær og fjern, og er eit høgdepunkt for musikkelskarar.

Åkrafjorden er ein majestetisk fjord med imponerande fjellandskap i naturskjønn setting. Den mest kjente attraksjonen er Langfoss, eit av verdas høgaste fossefall. Det er eit ideelt reisemål for dei som søkjer ein kombinasjon av naturskjønnheit og eventyr.

Areal (SSB)
735,28 km2
Folketal 2023
4068
Telefon, resepsjonen på Tinghuset
53 75 80 00
Nettside
etne.kommune.no
Facebook
Etne kommune
Etne map
Ordfører i Etne kommune. Foto
Mette Heidi Bergsvåg Eikrheim
Ordførar
Etne kommune
480 06 560
Kommunedirektør i Etne kommune. Person i blå skjorte og blå jakke. Bebyggelse i bakgrunnen. Foto.
Filippo Ballarin
Kommunedirektør
Etne kommune
53 75 80 40

Fitjar kommune ligg nordvest i Sunnhordland i Vestland fylke. Størstedelen av Fitjar ligg nord på øya Stord.

Med eit mylder av øyar og skjer er Fitjarøyane ei kystperle for eventyrlystne sjøpadlarar, fiskarar og båtturistar.
Det er lett tilgang til Fitjarfjellet. Her kan du gå kortare eller lengre turar på vegar/stiar. Her er m.a. gapahuk, treningsapparat og frisbeegolfbane. Det er mange flotte utsiktspunkt mot skjergarden i vest.

Fitjar sentrum

Midt i Fitjar sentrum ligg Håkonarparken med statuen av Håkon den Gode. Han fall i slaget mot Eirikssønene her i år 961. Gå gjerne den kulturhistoriske løypa med start i sentrum og lær meir om historia til Fitjar.
Padling i Fitjarøyane er populært og det kan hende du finn padleparadiset ditt her! Halvøya Kråko er sjøhytteområde og friluftområde med både kafé, såpekokeri og lokalbryggeri. Du kan vitja Engesund Visningssenter og få sjå korleis oppdrett av laks blir drive. Du får sjå fisken i merden, smake på laksen som blir produsert, og får ein tur med rib i det flotte øyriket vårt som du seint vil gløyma.
I Fitjar kan du sove godt, anten du vel hotell, camping eller kjem med båt til gjestehamna.
Fitjar ligg kort veg frå Bergen, med ferjeforbindelse mellom Sandvikvåg og Halhjem. Til flyplassen på Sørstokken tek det ca 20 minutt med bil.

Foto under:
  • Ordførar Wenche Tislevoll © Høgre
  • Konst. kommunedirektør John Karsten Raunholm © Misje Foto
Areal (SSB)
142,47
Folketal 2023
3195
Telefon, rådhus
53 45 85 00
Nettside
fitjar.kommune.no
Facebook
Fitjar kommune
Fitjar map
Ordføraren i Fitjar kommune. Bilde.
Wenche Tislevoll
Ordførar
Fitjar kommune
Mann med grå dressjakke og blå skjorte, portrettbilde. Foto.
John Karsten Raunholm
Konst. kommunedirektør
Fitjar kommune

Opplev Baroniet Rosendal, spektakulære naturaktivitetar i bygdene langs Hardangerfjorden og i Folgefonna Nasjonalpark majestetiske fjell og spanande kulturhistorie i Kvinnherad.

Kvinnherad ligg i Sunnhordland i Vestland fylke. Den strekkjer seg over begge sidene av Hardangerfjorden, der ein stor del av kommunen ligg på vestre del av Folgefonnhalvøya. Vakre Rosendal er administrasjonssenteret i Kvinnherad. Områda Rosendal og Mauranger er kjende for å ha noko av det vakraste fjordlandskapet i Sunnhordland. Her finn du merka turstiar som gir deg moglegheiter til fantastiske opplevingar. Turen opp til Bondhusvatnet er for mange eit «must».

På vestsida av Hardangerfjorden ligg Ølve og Hatlestrand, og lengst sør i kommunen med Borgundøy, Fjelberg og Halsnøy. Også desse med flotte turmoglegheiter, som for eksempel turen opp til Borgundnuten, der du har utsyn i alle himmelretningar.

Baroniet Rosendal

I Kvinnherad finn du det minste slottet i Skandinavia, Baroniet Rosendal. Slottet, som er frå 1665 er omgitt av ein vakker renessansehage. Inne i baroniet kan du sjå fleire stilepokar. Kulturprogrammet byr på artistar i verdsklasse.

Kulturhendingar

I Husnes sentrum ligg kulturhus som har både konsertar og teaterframsyningar gjennom året.

Også på Halsnøy Kloster, som ligg på øya Halsnøy ved innløpet til Hardangerfjorden, skjer det noko gjennom heile året. Augustingar-klosteret kan sporast heilt tilbake til 1300-talet.

Isbreen Folgefonna og Folgefonna Nasjonalpark

Søre Folgefonna er den tredje største isbreen i Norge.
I Folgefonna Nasjonalpark kan du oppleve dramatisk natur og spennande aktivitetar på og rundt breen. Det er fleire gode startpunkt for turar og aktivietetar til Nasjonalparken frå Åkrafjordtunet, Sundal, Jondal, Odda og Rosendal. Besøk steinparkane, ver med på guida breføring og opplev lokal historie og lokalmat.

Folgefonnsenteret ligg i Rosendal. På senteret får du kunnskap og opplevingar om bre, fjord, vatn og klima i endring. Her finn du også turistinformasjonen.

Foto under:
  • Vegard Bjørnevik © Kjetil Fyllingen
Areal (SSB)
1090,74 km2
Folketal 2023
13071
Telefon
53 48 31 00
Nettside
kvinnherad.kommune.no
Facebook
Kvinnherad kommune
Kvinnherad map
Profilbilde av ordførar i Kvinnherad kommune, Vegard Bjørnvik. Iført dress og ordførarkjede.
Vegard Bjørnevik
Ordførar
Kvinnherad kommune
41 46 54 79
Person i grå dressjakke og blårutete skjorte. Foto.
Leif Ove Mikkelsen
Kommunedirektør
Kvinnherad kommune
48 31 92 91

Knutepunkt og mange moglegheiter

Stord er byen som byr på vakre naturopplevingar med sjø og fjell på alle kantar, eit rikt kultur- og idrettsliv, eit pulserande og aktivt samfunn og eit variert utval innan handel. Høgskulen på Vestlandet, campus Stord, ligg i nydelege omgjevnader på Rommetveit og tilbyr bachelor-, master- og forskarutdanningar.

Sentrum i Stord heiter Leirvik, lokalt kalla Vikjo. Monumentet Storddøra glitrar i sola og ønskjer alle velkomne som kjem sjøvegen inn til Leirvik hamn. Storddøra er eitt av mange kunstverk i sentrum.

Spennande lokalhistorie

Om du vil læra meir om lokalhistoria, tek du turen innom Sunnhordland museum, gruvene på Litlabø eller Stord maritime museum.

Båtturistar kjem gjerne til gjestehamnene som ligg i Leirvik, Sagvåg og på Huglo. Det er mange restaurantar å velja mellom og fleire uteplassar både på Leirvik og i Sagvåg.

Overnattingplassane er mange og varierte. På øya Stord finn du mellom anna hotell med historisk sus, campingplassar og tretopphytte, og på øya Huglo kan du oppleva glamping eller leiga deg ei hytte. DNT-hytta på Stovegolvet har ei spektakulær 360 graders utsikt.

Dagsturhytter og turmoglegheiter

Det er dagsturhytte både på Utslettefjellet og ved Stovegolvet. Høgaste punktet på øya er Mehammarsåto (749 moh) som ligg ca. midt på øya. Både her og frå Stovegolvet (703 moh) er utsikta flott. Det er mange fine turstiar på Stord, både i fjellet og langs sjøen. Du kan velja mellom strender ved sjø eller vatn.

Ei landfast øy

Stord er landfast i sør via Trekantsambandet og det går hurtigbåtar og ferjer til aust og nord. Bergen–Stord tek under 2 timar, Stavanger–Stord litt meir.
Det er rundt 19000 innbyggjarar i Stord kommune og innbyggjarane kallar seg stordabuar.

Velkomen skal du vera!

Foto under:
  • Ordførar Sigbjørn Framnes © Haldis Lauksund
  • Kommunedirektør Tommy Johansen © Kjetil Fyllingen

 

Areal (SSB)
143,72 km2
Folketal 2023
19202
Telefon
53 49 66 00
Nettside
stord.kommune.no
Facebook
Stord kommune
Stord map
Profilbilde av mannlig ordfører ifør lys blå skjorte og blått slips og blå dressjakke. Ordførerkjede rundt halsen. Foto.
Sigbjørn Framnes
Ordførar
Stord kommune
900 62 055
Person som smiler, mørk skjorte og mørk dressjakke, pin i jakkeslaget. Bilde.
Tommy Johansen
Kommunedirektør
Stord kommune
975 67 035

Midt i leio med mange moglegheiter

Sveio er ein langstrakt kommune full av vakker natur og moglegheiter for spanande opplevingar! I Sveio sentrum finn du mange handel- og servicetilbod, og Sveio ligg «midt i leio» uansett om du reiser til lands eller til sjøs; E39 går gjennom kommunen, og kystleia går langs den ytre kystlinja over Sletta, forbi Ryvarden og langs Bømlafjorden.

Hav, bygder og mange moglegheiter

Ute med havet mot vest kan du besøka vår kanskje mest kjente turistattraksjon, Ryvarden kulturfyr – eit kunstgalleri og ei oppleving i seg sjølv. Ute med fyret kan du òg overnatta i dei veldig populære Flokehyttene, som me kan bli eit minne for livet. Og i Sveio sentrum finn du ein 18-hols golfbane!

I idylliske Førde finn du blant anna skulptur- og rododendronparken Rex Garden, som er vel verdt eit besøk. Opplevinga held fram ute på Rex Island!

Bygdene Valestrand og Valevåg nord i kommunen har eit rikt kulturliv. I Valestrand kulturkyrkje blir det halde arrangement året rundt, og i Valevåg finn du museet og det levande kulturbygget Valenheimen – heimen til vår kjente komponist Fartein Valen (1887–1952), som anna kvart år blir heidra med Fartein Valen-festivalen. Valevåg har òg mange andre verdifulle kulturminne, med Einstadbøvoll gard, Valen kapell og kolerakyrkjegarden i Leirvåg som dei mest kjente.

Og dette er berre litt av kva Sveio kan by på. Så ønsker du fleire turmoglegheiter enn du kan telja og alle slags opplevingar omkransa av naturskjønne omgjevnadar – kom til Sveio!

Areal (SSB)
246,15 km2
Folketal 2023
5749
Telefon
53 74 80 00
Nettside
sveio.kommune.no
Facebook
Sveio kommune
Sveio map
Mann med mørk dressjakke og slips, lys skjorte og ordførerkjede. Foto.
André Mundal Haukås
Ordførar
Sveio kommune
905 79 876
Mann i mørk dressjakke og lys skjorte, pin med kommunevåpen på jakkeslaget. Foto.
Jostein Førre
Rådmann
Sveio kommune
53 74 80 80

På Tysnes finn du svaberg, stupbratte fjellsider og spennande kystkultur med gode både padle- og fiskemoglegheiter. Her får du også gode matopplevingar, eit flott kulturliv som toppar seg med Tysnesfest om sommaren.

Tysnes ligg i Sunnhordland i Vestland fylke. Øykommunen ligg mellom Langenuen i vest, Bjørnafjorden i nord, Lukksund i aust og Huglo i sør. Uggdal er administrasjonssenteret.

I middelalderen blei Tysnesøya truleg kalla Njardarlog, som betyr Njord sitt lovdøme. Njord var guden for jakt, fiske og sjøfart. Tysnes byr på gode moglegheiter for alt dette.

På Tysnes finn du attraksjonar som Tysnessåta, Årbakka, Ånuglo friluftsområde, kalkomnen på Flakka og rekkjetunet frå 1599.

Mange opplevingar og gode smakar

På Tysnes finns fleire stader for å oppleve gode smakar og opplevingar. Myrdal Gård med sine prisvinnande ostar finn du på vegen som fører til Tysnessåta. Haaheim Gaard er staden for magiske augeblikk. Her kan du overnatte i herlege omgjevnader, nyte måltid, lokale råvarer, kulturarrangement året gjennom. I Uggdal er det museum og landhandleri med handlaga sjokolade.

I Våge, som er handelssentrum på Tysnes, ligg Mandelhuset like i sjøkanten. Gode matopplevingar og kulturarrangement står også her på menyen. Her finn du også ei av dei flotte gjestehamnene på Tysnes.

Festivalen i sjøkanten, Tysnesfest er eit fast innslag kvar sommar. Hit kjem både lokale stjerner og verdskjende artistar for å opptre under den familievennlege festivalen i juli.

Tilkomst til Tysnes

Du kjem deg enkelt til Tysnes. Anten med ferje frå Halhjem til Våge, eller frå Jektevik til Hodnanes. Øya er også landfast med bru over Lukksund til Kvinnherad.

Areal (SSB)
255,12 km2
Folketal 2023
2933
Telefon
53 43 70 00
Nettside
tysnes.kommune.no
Facebook
Tysnes kommune
Tysnes map
Profilbilde av kvinne, svart genser. Foto.
Synnøve Bakke
Ordførar
Tysnes kommune
977 48 005
Steinar Dalland
Rådmann
Tysnes kommune
970 46 500

Observatørar i Sunnhordlandsrådet

Haugesund
Nils Konrad Bua
Ordførar
Ole Bernt Thorbjørnsen
Kommunedirektør
Vindafjord
Ole Johan Vierdal
Ordførar
Yngve Folven Bergesen
Kommunedirektør

Planar og rapportar frå Sunnhordlandsrådet

Sunnhordlandsrådet og arbeidsutvalet har ulike møte gjennom heile året. Det er også styremøte, representantskapsmøte og fellesmøte med regionråda i naboregionane til Sunnhordland.

Det blir også utarbeidd uttalar og planar. Lenger ned på sida finn du oversikt over både framtidige møte, saklister med meir.

Sunnhordlandsrådet sin strategiplan kan lastast ned i fila under.

Handlingsplanen til Sunnhordlandsrådet blir tilgjengeleggjort for nedlasting snarleg.

I dokumentet under finn du oversikt over Sunnhordlandsrådet sine møter i 2024.

Sunnhordlandsrådet har ulike møte fordelt gjennom året. Under kan du lasta ned referat frå møta.

Region Sunnhordland si årsmelding for 2023 finn du i fila under.

Kontakt oss

Portrettfoto av kvinne ifør blå skjorte
Tora Haslum Myklebust
Dagleg leiar
Region Sunnhordland
412 17 024