RE:TENK REISELIV – Haustsamling
Velkommen til årets siste RE:TENK Reiseliv– ein fagleg og sosial møteplass for reiselivsbedriftene i Sunnhordland.
Velkommen til årets siste RE:TENK Reiseliv– ein fagleg og sosial møteplass for reiselivsbedriftene i Sunnhordland.
Denne gongen ser me fram mot våren, med produktutvikling og nye moglegheiter i sentrum. Saman med Ydda jobbar me praktisk med eigne idear, før Fjord Norge gir oss fersk marknadsinnsikt og blikk på utviklinga framover. Me møter også nokre av våre nye partnerbedrifter og får høyre om deira planar og tankar for framtida.
Det blir ein dag for fagleg påfyll, erfaringsdeling og gode samtalar med andre i reiselivet i Sunnhordland.
10.00 | Velkommen og nytt frå Visit Sunnhordland
10.15 | RE:TENK – workshop med Mari frå Ydda
Ein kreativ og praktisk workshop der me jobbar med idear og moglegheiter i eiga verksemd. Målet er å spisse idear, sjå nye samanhengar og finne gode neste steg – med regenerativt reiseliv som ein del av tankegangen. Dette byggjer vidare på workshopen me tidlegare inviterte til. Pausar etter behov.
12.00 | Lunsj
13.00 | Workshop del 2 – frå idé til neste steg
13.45 | Kva skjer i marknaden?
Reiselivsdirektør Stein Ove Rolland frå Fjord Norge gir oss innsikt i marknaden i dag og utsiktene for Vestlandet og Sunnhordland framover.
14.15 | Flatråker Brygge
Nye tankar og planar frå ein av våre nye aktørar.
14.35 | Leikekista
Om tilbodet deira, lokal verdiskaping og tankane framover.
14.55 | Oppsummering og takk for i dag
(Det kan kome justeringar i programmet.)
Pris og påmelding
Stad og tid: Mandelhuset, Tysnes , kl. 10:00 – 15:00
Medlem i Visit Sunnhordland: Gratis for opptil 2 deltakarar. Frå og med 3. person: kr 750,- pr. person
Inkludert lunsj.
Ikkje medlem: kr 995,- pr person – inkl.lunsj
PÅMELDINGSFRIST: . 15. oktober – bindande påmelding.
Avbud meldt mindre enn 48 timar før arrangement blir belasta med kr 750,- for å dekke kostander ved sein avbestilling hos arrangør.
Påmelding RE:TENK REISELIV SUNNHORDLAND – Haust
Meld deg på