2. mai 2025
Sommar kick-off for vertskapet i Sunnhordland – tett på jettegrytene på Rullestad
Onsdag 11. juni inviterer me vertskapet i heile Sunnhordland til eit sommar-kickoff i Etne – for å lada opp til sesongen med påfyll, samhald og smil.
Dato: Onsdag 11. juni 📍 Rullestad
Tid: kl. 11:00–15:00
For kven: Alle som ønskjer å gi gjestene våre den beste opplevinga av Sunnhordland
No startar me sommaren saman! Onsdag 11. juni inviterer me vertskapet i heile Sunnhordland til eit sommar-kickoff i Etne – for å lada opp til sesongen med påfyll, samhald og smil.
Det blir ein dag med ekte Vestland-stemning:
- Smakfull lokalmat frå regionen vår – kortreist og laga med stoltheit
- Nyheiter og inspirasjon frå Visit Sunnhordland og kvar enkelt kommune
- Aktivitetar og uhøgtidelege konkurransar – vinn heider, ære og kanskje ein smak eller to
- Tid til å møtast på tvers av kommunegrensene – Bli kjent med naboen og deira tilbod
Me står saman om å vise gjesten alt det kjekke dei kan oppleve i Sunnhordland – me gler oss til å sjå deg i Etne. Ta med godt humør, kle deg etter vêret og ver klar for ein triveleg dag med gjengen som får Sunnhordland til å skinna!
Meld deg på i skjemaet under – det tek berre eitt minutt!
Pris og påmelding
Medlem i Visit Sunnhordland: Gratis påmelding for opp til 2 deltakarar.
Dersom ein ynskjer å sende fleire en 2 personar kjem det ein kostnad på kr 350,- per. person fra og med 3 person.
Ikkje medlem: kr 500,- pr person
Bedrift: Ynskjer du å presentere bedrifta di kan du stille med presentasjon.
NB! Presentasjon av bedrift må melde seg på via e-post til reiselivsansvarleg Hilde Eide Helland: hilde@visitsunnhordland.no
PÅMELDINGSFRIST: 23. mai – bindande påmelding.
Avbud meldt mindre enn 48 timar før arrangement blir belasta med kr 350,- for å dekke matsvinn.
Påmelding sommar kick off 11. juni
Påmelding sommar kick off Visit Sunnhordland 11. juni 2025