Ny leiar i Sunnhordlandsrådet frå 1. januar 2026
Frå og med 1. januar 2026 tek Morten Helland over som ny leiar i Sunnhordlandsrådet. Helland er ordførar i Bømlo kommune, og overtek etter André Mundal Haukås, ordførar i Sveio kommune.
Nyhende
Leiarvervet i Sunnhordlandsrådet går på rundgang mellom dei åtte medlemskommunane i Sunnhordlandsrådet, og har ei varigheit på to år.
Det siste rådmøtet i 2025 vart halde på Ryvarden Kulturfyr i Sveio den 4. desember. Der vart André Mundal Haukås takka av for ein solid innsats og godt leiarskap i perioden 2024–2025.
Sunnhordlandsrådet takkar Haukås for engasjert og målretta leiing, og ønskjer Morten Helland hjarteleg velkomen som ny rådsleiar for perioden 2026–2027.