Bu i Sunnhordland • 20. februar 2025
På karrieremesse med nærmare 1000 besøkande
Stor interesse for Sunnhordland på "Ta steget" 18. februar. Karrieremessa blei arrangert i Grieghallen i Bergen tirsdag denne veka.
Allerede før dørene opna, kl 10:00, sto det kø utanfør inngangsdørene. Arrangøren Framtidsfylket kunne opplyse om over 850 førehandspåmelde deltakarar.
På messa stilte Bu i Sunnhordland med ein stor regionstand, der samarbeidspartnarane EY Skye, Aker Solutions Stord, Palfinger Marine samt Visit Sunnhordland, kommunane i Sunnhordland, representert ved Etne kommune. Den strategiske satsinga skal vekke nygjerrighet og interesse for regionen som ein attraktiv stad å bu, jobbe og leve. Messa er ein eineståande arena på Vestlandet for å nå ut breitt til eit publikum som står klare for arbeidslivet.
Studentane som var på messa stilte seg i kø for å snakke med dei ulike bedriftene og arbeidsgjevarane. Det var tydeleg interesse for regionen og jobbmoglegheitene som er her.
Pr no (ultimo februar 2025) er det utlyst nærmare 300 stillingar i Sunnhordland (arbeidsplassen.no). Dette gjeld både offentleg og privat sektor. Breidda er stor og valmoglegheitene mange.