Bu i Sunnhordland • 21. mai 2024
Samarbeid for fleire flyktningar i jobb
I dag var det partnarmøte for Bu i Sunnhordland, med det aktuelle temaet korleis få fleire flyktningar i jobb. Møtet vart halde på Verket, og tilstade var både partnarar innan bedriftsmarknaden og kommunesektor.

Dei frammøtte fekk både høyre korleis ein betre kan samarbeide med NAV og med vaksenopplæringa. Marknadsleiar ved NAV Sunnhordland Chris-André Elvik, hadde mange gode innspel og verktøy her. Bømlo Vaksenopplæring viste også til mange gode eksempel på korleis dei jobbar, og korleis bedrifter kan samarbeide med dei. Rektor Kari Friis Sortland og avdelingsleiar Marit Mathiassen inspirerte og informerte.
Bremnes Seashore vann i 2021 Mangfaldsprisen, utdelt av IMDI. Bedrifta har i mange år jobba med inkludering av innvandrarar i arbeidslivet. Karina Børnes både fortalde og viste film om korleis dei har gjort dette, og kva det har betydd for både den einskilde og bedrifta som heile.
Også IMDI hadde innlegg på partnarmøtet. Her fekk me høyre om dei ulike tilskotsordningane bedrifter og kommunar kan søkje på for å få hjelp til arbeidet med inkludering i arbeidslivet.