Samarbeid og styrka kompetanse gjennom «Stordmodellen»
5. november 2025 blei Fagskulen Vestland tildelt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin utdanningskvalitetspris for Stordmodellen.
5. november 2025 blei Fagskulen Vestland tildelt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse sin utdanningskvalitetspris for Stordmodellen.
11 år er gått sidan det første kullet blei uteksaminert etter to års fagskulegong basert på «Stordmodellen».
Noko av bakgrunnen for opprettinga av fagskulemodellen var det store behovet for teknisk kompetanse i verksemdene i Sunnhordland. Dette tiltaket har i stor grad bidratt til å avhjelpa situasjonen. Sentralt i modellen har vore ei teknikaropplæring der ein parallelt med arbeid har kunna utdanna seg frå fagarbeidar til praktisk ingeniør. Koplinga mellom praktisk og teoretisk arbeid og vekslinga mellom arbeid i verksemd og utdanning gjer modellen spesielt tilpassa vidareutdanning av personell.
Stordmodellen har hatt stor betydning for den regionale utviklinga i Sunnhordland, der auka kompetanse til industrien har kome og kjem heile regionen til gode.
Industrien i Sunnhordland, ved industrilokomotiva Advantec (no Baker Hughes), Apply Leirvik (no Leirvik AS), Kværner Stord (no Aker Solutions) og Wärtsilä, initierte i 2011 oppstart av teknikaropplæring på Stord.