Sunnhordlandsrådet • 22. mars 2024
Skuffelse over manglande prioritering av E39 Hordfast
Regionråda for Sunnhordland og Haugalandet jublar for at E134 mellom Bakka-Mo og Husøyvegen er inkludert i regjeringa sitt framlegg til Nasjonal transportplan (NTP), men uttrykkjer ein klar skuffelse over manglande prioritering av E39 Hordfast.
Regionråda er svært glade for at E134, eitt av dei viktigaste infrastrukturprosjekt i regionen, er prioritert i kommande NTP. Det stadfestar viktigheita av dette prosjektet, ikkje berre for vår storregion, men for heile Noreg. Det er og eit svært viktig vegprosjekt med tanke på sikkerheita til både private billistar og alle yrkessjåførane som har denne strekninga som sin arbeidskvardag. Me ser fram til dei positive effektane dette vil ha for næringsliv, turisme, og ikkje minst, den lokale befolkninga sitt daglege liv.
«Eg er glad for at E134 mellom Bakka og Mo saman med Husøyvegen er med i regjeringa sitt framlegg til NTP. Dette viser ein vilje til å investere i framtida til regionen vår, samt sikra ein etterlengta trygg og effektiv veg både for oss som bur i regionen, næringslivet, men ikkje minst for alle dei som har sitt daglege virke på vegen. Men me må halda fram å arbeida for at heile strekninga frå Bakka til Solheim vert regulert» seier Leiv Arne Marhaug, leiar for Haugalandsrådet.
På den andre sida er det med stor skuffelse me ser at E39 Hordfast ikkje er prioritert i regjeringa sitt framlegg til NTP. E39 Hordfast skal fullføre kyststamvegen mellom Bergen og Stavanger, og er avgjerande for den framtidige utviklinga av både Sunnhordland og Haugalandet, så vel som for Vestlandet som heilskap. Mangelen på prioritering av dette prosjektet vil ha langtrekkande negative følgjer for den regionale utviklinga, og den grøne omstillinga ein ser i næringslivet.
«Det er djupt skuffande at E39 Hordfast ikkje er prioritert. Med plass i utviklingsportefylgja skyv dei prosjektet ut i uvissa. Hordfast er avgjerande for samferdsleutviklinga i vår region og heile Vestlandet. Vi står saman, meir motiverte enn nokon gong, for å arbeide for at Hordfast blir prioritert i den endelege NTP av Stortinget. Utan Hordfast deler ein Vestlandet i to, og Sunnhordland vil med trygg og effektiv veg mot Stavanger snart snu seg sørover,» uttalar André Mundal Haukås, leiar for Sunnhordlandsrådet.
Eit ferjefritt E39 knyt Vestlandet saman, og gjer at ressursar både i form av kompetent personell og varer til industrien vil kunna flytta seg saumlaust langs kysten. Kommunane står saman med næringslivet om behovet for ein større og sterkare bu- og arbeidsmarknad for å kunna møta utfordringar i framtida.
For at Norge skal kunne hauste effekten av at Rogfast står klar i 2033, er det svært viktig at Hordfast blir prioritert i NTP. Utan Hordfast vil ikkje Noreg lukkast med å utvikle landets viktigaste eksport- og verdiskapingsregion: Vestlandet!
Regionråda står samla både i gleda over at E134 Bakka-Mo og Husøyvegen er med, men også i skuffelsen over at Hordfast ikkje vert prioritert av regjeringa, og er klar til å arbeida målretta fram mot behandlinga i Stortinget.
Sunnhordland/Haugalandet, 22. mars 2024
André Mundal Haukås
Regionrådsleiar
Sunnhordlandsrådet
Leiv Arne Marhaug
Regionrådsleiar
Haugalandsrådet