Studentar vil til Sunnhordland
September er på mange måtar «sesongmånad» for karrieremesser. I løpet av denne perioden har Bu i Sunnhordland, saman med bedrifter og kommunar frå regionen, besøkt fleire store studiebyar. Der har dei møtt tusenvis av potensielle framtidige innbyggjarar og arbeidstakarar.
Stor interesse i Trondheim
Turneen starta med KarriereDagene ved NTNU i Trondheim, arrangert av Bindeleddet NTNU, den største messa i sitt slag i Noreg. I fjor samla ho 150 bedrifter, skriv arrangøren på sine nettsider. Også i år var interessa enorm.
På Gløshaugen i Trondheim møtte representantar frå Sunnhordland svært mange studentar som viste interesse for regionen. Mange kunne sjå for seg ei framtid her etter studiane, og dei var nysgjerrige på både næringslivet og livskvaliteten regionen kan tilby.
Ein engasjert gjeng frå Bremnes Seashore, Palfinger Marine og Leirvik AS deltok saman med Kvinnherad kommune på standen til Bu i Sunnhordland i trønderhovudstaden.
Foto: Chris-André Elvik, Bremnes Seashore i samtale med studentar ved NTNU. Foto © Patrick D. A. Webb.

Til standen i Trondheim kom det svært mange besøkjande. Nokre kjende ikkje til Sunnhordland, men viste stor interesse. Det blei mange gode samtalar.

Medan nokre aldri hadde høyrt om Sunnhordland, var andre svært godt informerte. Åshild C. Kjerpeseth og Martin Helland Brandvik er begge frå regionen. Kanskje flytter dei tilbake etter endte studiar i Trondheim?
Studentmøte i Oslo
Uka etter stod Universitetet i Oslo (Blindern) for tur. Også her var responsen svært positiv. «Det var det ei takksam oppgåve å informere om og inspirere til eit liv i Sunnhordland. Fleire av studentane var klare på at dette kunne harmonere med framtidige arbeidsliv,» fortel Anne Synnøve Lønne i Region Sunnhordland, som stod på stand.
Vestlandets største messe i Bergen
Siste stopp i september blei Grieghallen i Bergen, der studentorganisasjonen Springbrettet arrangerer Vestlandet si største karrieremesse. På standen til Bu i Sunnhordland deltok representantar frå Wärtsilä, Palfinger Marine og Bremnes Seashore.

Akkurat som i Trondheim og Oslo, var interessa stor. For mange studentar blei dette eit viktig første møte med moglegheitene i Sunnhordland, eit alternativ til livet i storbyen. Og for andre blei det ei stadfesting på at: Ja, me ser føre oss framtida i Sunnhordland.
Sunnhordland er ein region for «det gode liv»
Besøka på karrieremessene viser tydeleg at Sunnhordland har mykje å tilby. Argumenta for å velje regionen framfor ein storby er mange. Moglegheiter innan arbeidsliv, nærleik til natur, fritidstilbod, fråvere av rushtrafikk, bustadprisar – dette er noko ein gjerne nemner og vil ha som ein del av «det gode liv».
Balansen mellom jobb og fritid er noko ein gjerne søkjer ei god løysing på. Dette er kanskje lettare å få til i Sunnhordland enn andre stader.