Visit Sunnhordland • 12. april 2024
Sunnhordland godt synleg i Trondheim
Visit Sunnhordland var godt synleg med standen sin under NTW 2024 i Trondheim denne veka. I løpet av to hektiske møtedagar hadde reiselivsansvarleg Hilde Eide Helland gode møte med både norske og utanlandske turoperatørar. Fleire operatørar har ynskje om å selje reiselivsprodukt frå regionen vår. Dette gjeld både opplevingar og overnatting. NTW står for Norwegian […]
Visit Sunnhordland var godt synleg med standen sin under NTW 2024 i Trondheim denne veka. I løpet av to hektiske møtedagar hadde reiselivsansvarleg Hilde Eide Helland gode møte med både norske og utanlandske turoperatørar. Fleire operatørar har ynskje om å selje reiselivsprodukt frå regionen vår. Dette gjeld både opplevingar og overnatting.
NTW står for Norwegian Travel Workshop og det er Innovasjon Norge som står bak og har arrangert dette årleg i over 50 år. Arrangementet, som er ein reiselivsworkshop er årleg, og samlar fleire hundre kjøparar og seljarar av reiselivsprodukt. På NTW er både salsmøter, nettverksbygging og marknadsføring sentralt.
Hilde E. Helland fortel at dei gode møta som vart halde i etterkant blir følgd opp, og at denne delen er svært viktig for etablering av mogleg framtidig samarbeid.
Fleire aktørar representerte Sunnhordland
I tillegg til Visit Sunnhordland var regionen representert med enkeltaktørar både frå overnattings- og opplevingssektoren. Bekkjarvik Gjestgiveri, Åkrafjorden Oppleving og Haaheim Gaard var tilstade med eigne standar.
NTW er eit årleg arrangement, der vertskapsby er ulik frå år til år. På siste dagen av årets arrangement kunne Innovasjon Norge kunngjere at NTW 2025 vil finne stad i Bodø. Visit Sunnhordland planlegg sjølvsagt å vere tilstade her!