Region Sunnhordland • 25. januar 2024
Utan Hordfast vil ikkje Noreg lukkast!
Prioritering og realisering av Hordfast som den viktigaste del av E39-korridoren Stavanger/Sandnes til Bergen, er ein avgjerande føresetnad for å knyta saman Vestlandet, til ein attraktiv og effektiv bu- og arbeidsregion for meir enn 1 million innbyggjarar.
Prioritering og realisering av Hordfast som den viktigaste del av E39-korridoren Stavanger/Sandnes til Bergen, er ein avgjerande føresetnad for å knyta saman Vestlandet, til ein attraktiv og effektiv bu- og arbeidsregion for meir enn 1 million innbyggjarar.
Vestlandet står ovanfor store demografiske utfordringar i tida som kjem, med rekordlåg arbeidsløysa og ein aldrande befolkning. Haugalandrådet og Sunnhordlandsrådet, som til saman består av 16 kommunar, vil understreka viktigheita av at Noreg står saman om å byggje ein saumlaus storregion, frå Bergen via Sunnhordland/Haugalandet til Stavanger/Sandnes.
Analysar peikar på det uforløyste potensiale som ligg i at denne storregionen byggjer seg tettare saman. Vestlandet er truleg den einaste regionen i Noreg, som kan utviklast til ei reell motvekt til sentralisering av makt og ressursar i Osloregionen. I det arbeidet vil Hordfast spela ei heilt avgjerande rolla!
Nasjonen må kunne tilby framtidige generasjonar levedyktige samfunn for at dei skal velgje å bli værande og dermed dekke nasjonens behov for kompetanse langs kysten! Med eit ferjefritt E39, kan til dømes kommunane i større grad optimalisera sine tenester, i ei krevjande framtid med fleire eldre og færre folk til å utføre oppgåvene.
Det vil og ha stor betydning for vidareutviklinga av privat næringsliv og sikre at vestlandet fortset å være den viktige verdiskapingsregionen ein er for Noreg. Kompetansemiljøa trivest i kvarandre sitt selskap. Med Rogfast og Hordfast får ein kort veg til/mellom disse, samt til produksjonsstad.
For at Noreg skal kunne hauste effekten av at Rogfast står klar i 2033, er det svært viktig at Hordfast blir prioritert i kommande NTP. Utan Hordfast vil ikkje Noreg lukkast med å utvikle landets viktigaste eksport- og verdiskapingsregion: Vestlandet!
Sunnhordland og Haugalandet, 25. januar 2024
André Mundal Haukås, Ordførar (H) Sveio kommune/Regionrådsleiar Sunnhordlandsrådet
Linn Therese Erve, Gruppeleiar (Ap) Sveio kommune
Bente Kari Sletten Taranger, Ordførar (H) Austevoll kommune
Anja Heggholmen, Gruppeleiar (Ap) Austevoll kommune
Morten Helland, Ordførar (KrF) Bømlo kommune
Thomas Kråkevik-Liaøy, Gruppeleiar (Ap) Bømlo kommune
Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Ordførar (Sp) Etne kommune
Kenneth Lyng Karlsen, Gruppeleiar (FrP) Etne kommune
Wenche Tislevoll, Ordførar (H) Fitjar kommune
Rune Helland, Gruppeleiar (KrF) Fitjar kommune
Thea Vaage, Fungerande ordførar (Ap) Kvinnherad kommune
Veronica Thorkildsen Thoresen, Gruppeleiar (Sp) Kvinnherad kommune
Sigbjørn Framnes, Ordførar (FrP) Stord kommune
Gaute Epland, Gruppeleiar (Ap) Stord kommune
Trond Borg, Varaordførar (INP) Tysnes kommune
Kristi Pedersen Madsen, Gruppeleiar (H) Tysnes kommune
Leiv Arne Marhaug, Ordførar (H) Karmøy kommune/Regionrådsleiar Haugalandrådet
Rune Midtun, Gruppeleiar (FrP) Karmøy kommune
Egil Magne Våge, Ordførar (Sp) Bokn kommune
Lene Ognøy Foss, Gruppeleiar (H) Bokn kommune
Nils Konrad Bua, Ordførar (H) Haugesund kommune
Heidi Synnøve Nymann, Gruppeleiar (Ap) Haugesund kommune
Håvard Handeland, Ordførar (Ap) Sauda kommune
Mads Drange, Ordførar (Ap) Suldal kommune
Monika Lindanger, Ordførar (H) Tysvær kommune
Reidar Pedersen, Gruppeleiar (Ap) Tysvær kommune
Marthe Eide Klovning, Ordførar (Ap) Utsira kommune
Geir Helge Rasmussen, Gruppeleiar Utsira kommune
Ole Johan Vierdal, Ordførar (Ap) Vindafjord kommune
Modolf Haraldseid, Gruppeleiar (H) Vindafjord kommune