Visit Sunnhordland • 9. januar 2024
Vellukka medlemsstreff for Visit Sunnhordland
Måndag 8. januar var mange av medlemmene samla til årets første treff. Ein kjekk og inspirerande dag, seier Hilde Eide Helland, reiselivsansvarleg i Visit Sunnhordland.
Flott vertskap og program
Arrangementet fann stad på Sunnhordlandstunet – Sunnhordland Museum. Eit flott vertskap som også gav oss rundtur og omvisning i utstillingane og spennande historieforteljing i den nyrestaurerte Ådlandsstova.
Styringegruppeleiar Torstein Hatlevik starta dagen med varm velkomst. Vidare fekk me høyre dagleg leiar i Geopark Sunnhordland Brynjar Stautland, som oppdaterte deltakarane om denne.
Geir Erik Tønnessen er prosessvegleiar når Visit Sunnhordland i år skal resertifiserast innan merket Berekraftig Reisemål. Han gav ei god oppdatering om sertifiseringa. Stein Ove Rolland, direktør i Fjord Norway, og Marianne Johnsen, salsdirektør i Fjord Norway hadde oppdatering om arbeidet til Fjord Norge. Frå Bekkjarvik Gjestgiveri Hotel & Suites var Rønnaug Nymark, som er dagleg leiar tilstade og hadde inspirende innlegg om arbeidet hjå dei. På programmet var også fortellinga om Camp Ålfjorden, fortald av Nils Lidvar Matre. Julie Log, dagleg leiar ved Urt & Ugras, fortalde om reisa deira i eit berekraftperspektiv.
Visit Sunnhordland er takksam for eit flott medlemstreff og rettar ei stor takk til alle som bidrog og alle som var tilstade!
Me ser fram til eit spenande og nytt 2024.