Visit Norway og turoperatørar opplevde haust i Sunnhordland
I løpet av dei siste vekene har Visit Sunnhordland hatt gleda av å visa fram regionen frå si beste haustside.
Først for internasjonale turoperatørar i samarbeid med Visit Hardangerfjord og Innovasjon Norge. Og deretter for innhaldsprodusentane i Visit Norway si SoMe-avdeling. Fellesnemnaren? Slow living, kystkultur og heilårsturisme.
To turar, eitt mål: Å visa fram Sunnhordland som heilårsreisemål
Gjennom to intensive veker fekk både turoperatørar og ein innhaldsprodusent eit nært møte med det Sunnhordland har å by på. Frå historiske kulturminne til moderne matopplevingar, frå UNESCO-geologi til fjordliv i roleg tempo.
Visningstur for turoperatørar: «Slow living by the fjord«

Turen er i regi av Innovasjon Norge sitt arbeid med å utvikla heilårsturisme og forlengja sesongen. I Rosendal møttest me saman med Visit Hardangerfjord og to turoperatørar frå Italia, Spania, Frankrike, Tyskland, Sverige, Danmark og Noreg. Turen gjekk vidare ut i Hardangerfjorden og gjennom fleire kommunar i Sunnhordland.
I Rosendal fekk turoperatørane oppleva både Salmon Eye, Rosendal Fjordhotell og ein roleg rusletur i den historiske rosehagen ved Baroniet Rosendal. Deretter gjekk turen vidare til Tysnes og Haaheim Gaard, der Torstein Hatlevik tok imot, før eit innblikk i lokal handelshistorie på E.H. Vaage Landhandel. Frå Tysnes reiste gruppa med båt til Fitjar og Engesund Visningssenter. Der dei fekk lære om akvakultur og kystnæringsliv .
På Stord venta overnatting på Gamle Fengselet Hotell og middag servert av PopUp Norge, som var i regionen under opphaldet. Den siste dagen var sett av til kultur og historie, med besøk på Sunnhordlandstunet og Moster Amfi & kyrkjehistoriske senter. Eit møte med røtene til både regionen og kristninga av landet. Turoperatørane gav mange positive tilbakemeldingar, og fleire uttrykte interesse for å inkludera Sunnhordland i sine framtidige program.

Julia fortel engasjert om jubileumsutstillinga frå 2024, «Frå makt til rett – kven har makt?»
Foto: Visit Sunnhordland
SoMe-besøk frå Visit Norway: Kystopplevingar i fokus

Denne veka fekk Visit Sunnhordland også besøk frå sosiale medium-avdelinga til Visit Norway. Målet var å læra meir om kystkulturen og mangfaldet i regionen – noko som vart løyst gjennom ei reise frå Austevoll, Fitjar, Stord og Bømlo.

Turen starta i Austevoll med besøk til Stangeland Gård, smaksopplevingar frå Mirabelle og overnatting hos Bekkjarvik Gjestgiveri. Her fekk dei òg vera med på ei guida oppleving i øyriket, arrangert av Bekkjarvik Experience. Derfrå gjekk ferda vidare til Bømlo, med oppstart på Moster Amfi og seinare besøk til Gullvegen Gardstun. Her formidla Anouk Firle den unike geologien i Sunnhordland UNESCO Global Geopark, medan Sindre Larsen fortalde om Stormhyttene og Gullvegen Gardstun. På Stord avslutta dei dagen med overnatting på Stord Hotell og eit forfriskande kveldsbad i Vikjo bad. Den siste dagen vart tilbrakt på Fitjar, med innhaldsrike besøk til Engesund Visningssenter og Kråko, der fokuset låg på kystliv, lokalmat og berekraft.
Takk for innsatsen – no ventar me på resultata
Visit Sunnhordland vil takka alle som bidrog til å visa fram regionen på sitt beste – i lag med lokale aktørar, guidar og gode samarbeidspartnarar. Me ser fram til å sjå kva desse besøka fører med seg av synlegheit, samarbeid og nye reisemoglegheiter.