Visit Sunnhordland • 9.april 2025
Årsmøte og reiselivssamling 2025: Ein inspirerande dag på Stangeland Gård
Tysdag 8. april samla reiselivet seg i Sunnhordland til ein engasjerande og inspirerande dag på vakre Stangeland Gård.
Tysdag 8. april samla reiselivet seg i Sunnhordland til ein engasjerande og inspirerande dag på vakre Stangeland Gård.
Dagen starta med ein nydeleg lunsj i landlege omgjevnader, som la til rette for uformell mingling og nettverksbygging. Etterfulgt av årsmøtet for Visit Sunnhordland 2024.
Foto: Visit Sunnhordland

Vidare arbeid og retning for reiselivet
Etter årsmøtet stod eit fagleg program på agendaen, med innlegg som gav deltakarane innsikt, oppdateringar og perspektiv på vidare utvikling av reiselivet i regionen.
Hilde E. Helland frå Visit Sunnhordland presenterte organisasjonen sitt arbeid og prioriteringar fram mot 2026, med fokus på vidare utvikling av reiselivet i regionen. Brynjar Stautland frå Sunnhordland UNESCO Global Geopark delte siste nytt frå arbeidet med geoparken, eit område med potensial både for lokal verdiskaping og opplevingar for tilreisande.
Britt Dalland frå Vestland fylkeskommune bidrog med nyttige perspektiv på besøksforvaltning og reiselivsstatistikk – tema som er viktige for vidare planlegging og utvikling.
Erik Aasen frå Fjord Norway snakka om verdien av digitale flater og korleis vidare utvikling av nettsider kan bidra til å løfta fram reiselivsprodukt og opplevingar i regionen.
Anita Svendheim frå NDBR løfta fram korleis berekraftsnettverket kan bli ein viktig ressurs for både små og store aktørar.

Erik Aasen frå Fjord Norge delar kunnskap om KI/AI.
Foto: Visit Sunnhordland
Aktivitetar og gode samtalar
Midt i programmet fekk deltakarane eit avbrekk med ulike aktivitetar på garden. Det var høve til både omvisning, smaking av heimebakte lappar, ein gåtur til utsiktspunktet Globen – eller øksekasting for dei som ville prøve noko nytt. Aktivitetane gav eit uformelt pusterom i dagen og opna for gode samtalar og nye innspel undervegs i samlinga.
Årsmøtet og reiselivssamlinga 2025 blei ei god samling som synte kva vi kan få til gjennom samarbeid og felles innsats for reiselivet i Sunnhordland.