Visit Sunnhordland • 16.juni 2025
Støtte til vidareutvikling av reiselivet i Sunnhordland
Visit Sunnhordland får støtte til å utvikle reiseliv som gir tilbake – med fokus på berekraft, heilårsopplevingar og lokal verdi.

Region Sunnhordland/Visit Sunnhordland har fått over ein halv million kroner i støtte frå Vestland fylkeskommune til prosjektet Regenerativt reiseliv Sunnhordland. Målet er å utvikle meir heilårsbaserte og berekraftige opplevingar som gir tilbake til både folk og stad.
Gjennom prosjektet skal ein utforske korleis reiselivet i regionen ikkje berre kan unngå skade, men aktivt bidra positivt til lokalsamfunn, natur og kultur. Det handlar om å tenkje nytt rundt kva reiseliv kan vere – og kven det er til for.

– Me ønskjer å utvikle eit reiseliv som er godt både for dei som bur her og for dei som kjem på besøk, seier Hilde Eide Helland, reiselivsansvarleg i Visit Sunnhordland. – Prosjektet skal løfte kompetanse, styrkje samarbeidet i næringa og bidra til produktutvikling med langvarig verdi.
Prosjektet bygger vidare på Sunnhordland si status som merka Bærekraftig Reisemål, og styrkjer arbeidet med å utvikle opplevingar i tråd med dei verdiane og krava som ligg i UNESCO-statusen til Sunnhordland UNESCO Global Geopark – der natur, kultur og lokalsamfunn spelar ei sentral rolle.