Visit Sunnhordland • 02. juli 2024
Bedriftsundersøkinga – Med berekraftig utvikling i fokus
Visit Sunnhordland gjennomfører ei bedriftsundersøking blant medlemsbedriftene kvart tredje år i samband med at vi er blitt sertifiserte som Berekraftig Reisemål gjennom merkeordninga til Innovasjon Norge.
Visit Sunnhordland gjennomfører ei bedriftsundersøking blant medlemsbedriftene kvart tredje år i samband med at vi er blitt sertifiserte som Berekraftig Reisemål gjennom merkeordninga til Innovasjon Norge. Undersøkinga utfører vi både for å bevare standard 3.0 for merkeordninga, men viktigast av alt for å få eit bilete av om vi har ei positiv utvikling innan berekraftig reiseliv.
Undersøkinga blei først utført i april 2020 og andre gong i mai 2024. Over 50% av medlemsbedriftene i Visit Sunnhordland deltok i undersøkinga, som omfattar bedrifter innan overnatting, oppleving og attraksjonar, grunneigarar, transport, servering og formidling.
Positive Utviklingstrekk
Vi har no analysert undersøkingane frå 2020 og 2024, og vi ser mange positive utviklingstrekk, men òg nokre område der vi må jobbe meir.
Det er gledeleg å sjå at fleire har fått kjennskap til merkeordninga; her har svarprosenten auka frå 55% til 85%. Vi ser òg ei auke i dei som opplever at dei deltek i arbeidet, frå 18% til 37%. Vidare har miljøsertifiserte bedrifter auka frå 10% til 23%. Dette er svært positive utviklingar. Deltaking og miljøsertifisering av bedrifter er noko vi vil halde fram med å fokusere på, då vi ser at det framleis er rom for forbetring.
Dei fleste bedriftene opplever at dette er eit særs viktig arbeid, og heile 64% meiner at det er viktig å marknadsføre seg som eit berekraftig reisemål.
Stor auke i tiltak for utsleppsreduksjon
Andre nøkkeltal frå undersøkinga som viser at bedriftene gjer tiltak for å redusere utslepp er:
Energisparande tiltak
- 2020: 66,67% hadde gjennomført energisparande tiltak.
- 2024: 63,33% hadde gjennomført energisparande tiltak.
- Endring: Ein liten reduksjon i delen bedrifter som gjennomfører energisparande tiltak.
Kjeldesortering
- 2020: 81,48% kjeldesorterte avfall på minst tre fraksjonar.
- 2024: 90% kjeldesorterte avfall på minst tre fraksjonar.
- Endring: Auke i kjeldesortering blant bedriftene.
Tiltak for reduksjon av utslepp
- 2020: 17,86% hadde gjennomført tiltak for å redusere utslepp eller transportbehov til/frå bedrifta.
- 2024: 67,74% hadde gjennomført tiltak for å redusere utslepp.
- Endring: Stor auke i talet på bedrifter som har tatt tiltak for å redusere utslepp.
Styrka Relasjon Mellom Bedrifter og Lokalbefolkning
I undersøkinga for 2024 er det sett ekstra fokus på viktigheita av å involvere lokalbefolkninga. Det tilbodet reiselivet tilbyr er viktig for auka bulyst.
I undersøkinga blir det spurt etter relasjonen mellom bedriftene og lokalbefolkninga og her svara heile 68% at dei har iverksett tiltak som styrker relasjonen mellom reiselivet og lokalbefolkninga. Eksempel på dette er temakveldar, open dag for lokalbefolkninga på ulike arrangement, forbetra kommunikasjonen, engasjement i råd og utval og tilpassa produkt til lokalmarknaden.
Bedriftene har også ei auke i samarbeid mellom kvarande og andre bedrifter i regionen. Her viser ein ei auke frå 38% til 50%.
Eit av få område der vi ser ei svak nedgang er under tilrettelegging for særskilde brukargrupper, her er det ein svak nedgang frå 2020. Men ikkje av betydelighet, den går frå 46% til 44%.
Vidare fokusområde for eit berekraftig reiseliv
Generelt viser resultata frå 2024 ei positiv utvikling når det gjeld kjennskap til berekraftsarbeid, deltaking i berekraftsinitiativ, miljøsertifisering, viktigheita av berekraftig merke, kjeldesortering, reduksjon av utslepp og samarbeid mellom bedrifter. Totalt sett er det fleire positive utviklingar enn negative, noko som indikerer ei sterkare forplikting til berekraft blant reiselivsbedriftene i Sunnhordland.
For å bygge vidare på denne positive utviklinga, vil vi saman med destinasjonsleiinga fokusere på å:
- Auke deltakinga i berekraftsarbeidet blant alle bedrifter.
- Fremje miljøsertifisering ved å gjere prosessen meir attraktiv og kostnadseffektiv.
- Styrke innsatsen for energisparing og tilby støtte for implementering av energisparande tiltak.
- Forbetre kommunikasjonen og informasjonstilgangen for bedrifter om berekraftsinitiativ og sertifiseringar.
- Auke tilrettelegginga for brukargrupper med særskilde behov ved å tilby ressursar og støtte for nødvendige tiltak.
Takk for dykkar innsats og engasjement for ei berekraftig utvikling i Sunnhordland. Saman kan vi gjere ein forskjell!