Eit halvt år med utvikling og samarbeid i Sunnhordland
Eit nytt år gir nye moglegheiter, og første halvår har vore prega av samarbeid, utvikling og framtidstru. Saman med kommunar, medlemsbedrifter og partnarar har me arbeidd for å styrkje Sunnhordland som reisemål og bu- og besøksregion.
Første halvår 2026 har vore prega av høg aktivitet i Visit Sunnhordland. Gjennom berekraftsarbeid, marknadsføring, internasjonalt sal, produktutvikling og nye digitale satsingar har me arbeidd målretta for å styrkje Sunnhordland som eit attraktivt og framtidsretta reisemål.
Berekraft og reisemålsutvikling
Året starta med kick-off på Verket under temaet regenerativ turisme og satsinga «RE reiseliv». Her fekk me fagleg påfyll frå Høve Støtt, SPOR og Wonderful Copenhagen, som delte erfaringar frå arbeidet med CopenPay og korleis reiselivet kan bidra positivt til lokalsamfunn og reisemål.
I januar fekk Haaheim Gaard, ein av våre partnarbedrifter, tildelt Miljøfyrtårn sin inspirasjonspris. Dette er ei flott anerkjenning av det viktige berekraftsarbeidet som vert gjort i regionen.
Gjennom våren har me delteke aktivt i Vestland fylkeskommune sitt arbeid med besøksforvaltning og vidareutvikling av berekraftige reisemål. I mars etablerte me ei kommuneadministrativ gruppe for Berekraftig Reisemål for å styrkje samarbeidet og forankringa av berekraftsarbeidet i kommunane. Seinare same månad deltok me på den nasjonale samlinga for Berekraftig Reisemål i regi av Innovasjon Norge og Norwegian Travel Cluster, saman med representantar frå ressursgruppa for kommunane.
Bransjeutvikling og samarbeid
Eit viktig arbeid i første halvår har vore utvikling, produksjon og distribusjon av årets Sunnhordlandskart. Kartet er framleis eit av dei viktigaste marknadsføringsverktøya for regionen og bidreg til å inspirere både gjester og innbyggjarar til å oppdage opplevingar, aktivitetar og attraksjonar i heile Sunnhordland.
Visit Sunnhordland har òg delteke aktivt i NDBR-samarbeidet, som no er vidareført gjennom Norwegian Travel Cluster. Gjennom dette samarbeidet får me tilgang til sterke fagmiljø, ny kompetanse og viktige nettverk som styrkjer utviklinga av regionen som reisemål.
Den 10. mars vart årsmøtet til Visit Sunnhordland gjennomført. Etter årsmøtet heldt Børre Berglund eit inspirerande seminar om distribusjon og synleggjering av Sunnhordland som reisemål, med fokus på korleis me kan styrkje marknadsarbeidet og nå fleire gjester.

Reiselivssamling 10.mars på Kullesidkanalen Gjestehamn
Marknad og sal
I samarbeid med Fjord Norge har me gått inn i ei «Always On»-satsing for å halde eit jamt trykk på digital synlegheit gjennom året. Målet er å vise fram breidda i opplevingstilbodet i Sunnhordland og sikre kontinuerleg synlegheit i marknaden.
I vår fekk me innvilga ein ny internasjonal visningstur som skal gjennomførast vinteren 2026 i samarbeid med Bergen, Stavanger og Haugesund. Frå Sunnhordland vil Moster Amfi og Kulleseid Gjestehamn vere sentrale vertskap når internasjonale gjester og samarbeidspartnarar skal oppleve regionen.
I samband med Icelandair si nye direkterute mellom USA og Bergen er Haaheim Gaard og Mandelhuset inviterte inn i marknadsaktivitetar retta mot det nordamerikanske marknaden. Dette opnar nye moglegheiter for å synleggjere Sunnhordland internasjonalt.
I midten av mai representerte me Sunnhordland på Norwegian Travel Workshop (NTW), den viktigaste møteplassen mellom norsk reiseliv og internasjonale turoperatørar. Her gjennomførte me fleire gode møte med aktørar som arbeider med å selje Noreg og Vestlandet som reisemål.
NTW 2026 – Lofoten

Digital utvikling og innovasjon
Denne våren har me også hatt eit særleg fokus på kunstig intelligens og korleis nye digitale verktøy påverkar reiselivet. Visit Sunnhordland deltek i den nasjonale Mindtrip-satsinga gjennom Norwegian Travel Cluster, der norske destinasjonar samarbeider om å ta i bruk ein KI-basert reiseplanleggjar for framtidas reisande.

Foto: Henriette Lien for Visit Sunnhordland. Camp Ålfjorden
Parallelt arbeider me målretta med å utvikle innhald, opplevingar og produkt som er tilpassa både tradisjonelle søk og nye AI-baserte svarmotorar. Målet er å sikre at Sunnhordland er synleg der framtidas gjester søkjer informasjon og planlegg reisene sine. Dette vil vere eit viktig satsingsområde gjennom resten av året.
Synleggjering av regionen
Gjennom heile perioden har me arbeidd med å løfte fram Sunnhordland gjennom nettsider, sosiale medium, pressearbeid og samarbeid med regionale og nasjonale partnarar. Målet er å synleggjere breidda i regionen – frå natur og kultur til lokalmat, aktivitetar og berekraftige opplevingar.
Det digitale innhaldsarbeidet har gitt gode resultat så langt i år. På Instagram har innhaldet til Visit Sunnhordland generert over 586 000 visningar, ein auke på 234,7 prosent samanlikna med førre periode. Rekkevidda har auka med 74,4 prosent, medan innhaldssamhandlingane har auka med heile 427,3 prosent.
På Facebook har innhaldet oppnådd over 287 000 visningar og nådd meir enn 112 000 brukarar. Samhandlingane har auka med 109,2 prosent.
Tala viser at innhaldet frå Sunnhordland når stadig fleire, skaper meir engasjement og bidreg til å styrkje den digitale synlegheita til regionen både nasjonalt og internasjonalt.

Folgefonni Breførarlag – Foto Lars Petter Jonassen
Me ser tilbake på eit aktivt og innhaldsrikt første halvår og gler oss til å halde fram arbeidet med å styrkje Sunnhordland som eit attraktivt, berekraftig og framtidsretta reisemål.