Nasjonal KI-reiseplanleggjar med Mindtrip
Visit Sunnhordland satsar på kunstig intelligens i samarbeid med 28 andre norske destinasjonar.
29 norske destinasjonsselskap går saman om å ruste seg for KI-framtida og lanserer KI-reiseplanleggjar med Mindtrip.
Destinasjonsselskap frå Lindesnes til Svalbard går saman om å lansere ein felles KI-reiseplanleggjar gjennom Mindtrip, og er mellom dei aller første i Europa som gjer dette.
Norwegian Travel Cluster og 29 destinasjonsselskap frå heile landet har inngått avtale med Mindtrip, ein internasjonal KI-plattform for reiseplanlegging. Norwegian Travel Cluster er ein av dei to første europeiske partnarane til Mindtrip når plattforma no ekspanderer til Europa, saman med Madeira Promotion Bureau.
Gjennom samarbeidet kan reisande planleggje reiser til norske destinasjonar gjennom samtale med ein KI-assistent. Dei kan stille spørsmål, få lokale tilrådingar, sjå forslag på kart og byggje konkrete reiseruter basert på innhald frå destinasjonane sjølve. Løysinga kan òg gi personlege tilrådingar med bilete, kart og lokalkunnskap i sanntid.
Berekraft som grunnlag
Alle dei 29 destinasjonane er ein del av Merket for berekraftig reisemål, og dette ligg til grunn for modellen.
– Dette handlar både om å vere i front når det gjeld korleis reisande planlegg, og om å styrkje arbeidet vårt med Merket for berekraftig reisemål. Gjennom felles føringar kan vi bidra til å spreie trafikken bort frå område med stort press, løfte fram meir miljøvenlege val og synleggjere lokale opplevingar med stadens særpreg, seier Kristoffer Paulsen, prosjektleiar for satsinga og marknadssjef i Visit Vestfold.
– Vi ser allereie at måten reisande finn informasjon og planlegg reiser på er i endring. Når KI-agentar får ein større plass i reiseplanlegginga, må vi liggje i front for å finne løysingar som gjer norske destinasjonar synlege og relevante også i framtida. Mindtrip er ein ny måte å tenkje digitale reiselivssider på, og dette er eit felt der vi ikkje har råd til å vente og sjå, seier Erling Løfsnes, KI-leiar i Norwegian Travel Cluster og dagleg leiar i Visit Lindesnes.

Felles læring på tvers av landet
Lanseringa er ein del av arbeidet til Norwegian Travel Cluster med å gjere norske destinasjonar betre rusta for ein KI-driven reisekvardag.
Gjennom satsinga deltek dei 29 destinasjonane i eit felles læringsløp der dei testar KI-genererte sider, reiseplanleggjarar og nye digitale brukarflater. Erfaringane skal brukast til å styrkje destinasjonane sin eigen digitale posisjon og gi lokale reiselivsbedrifter betre synlegheit i møte med nye søkje- og planleggingsvanar.
– Målet er at destinasjonar over heile landet skal utforske, teste løysingar og heve kompetansen sin, slik at både destinasjonane og verksemdene deira står sterkare i møte med ei tid der KI tek ein større del av verdikjeda. Utviklinga går raskt, og difor er det avgjerande at vi står samla om dette nasjonalt, seier Anita Svendheim, klyngeleiar i Norwegian Travel Cluster.
Om Norwegian Travel Cluster
Norwegian Travel Cluster er eigd og driven av over 50 destinasjonsselskap frå heile Noreg, og er den einaste offisielle innovasjonsklynga for reiseliv i landet.
Destinasjonar i prosjektet
Vestlandet
- Fjord Norway
- Visit Ålesund & Sunnmøre
- Visit Nordvest
- Visit FjordKysten og Sunnfjord
- Visit Sognefjord
- Visit Voss
- Visit Sunnhordland
- Visit Haugesund
- Ryfylke
- Region Stavanger
- Lysefjorden 365
- Småbyen Flekkefjord
Sørlandet
13. Visit Sørlandet
14. Visit Lindesnes
15. Visit Setesdal
Austlandet
16. Visit Telemark
17. Visit Vestfold
18. Visit Greater Oslo
19. Visit Øst-Norge
20. Visit Valdres
21. Visit Geilo
22. Hemsedal
23. Visit Fredrikstad & Hvaler
Nord-Noreg
24. Visit Lofoten
25. Visit Alta
26. Visit Nordkapp
27. Visit Lyngenfjord
28. Visit Tromsø
29. Visit Svalbard
Totalt: 29 deltakande destinasjonar