Region Sunnhordland • 20. februar 2024
Formannskapskonferanse som engasjerte
Fredag 16. februar arrangerte Region Sunnhordland konferanse for formannskapa i Sunnhordland. Tett på 100 deltakarar fekk høyre engasjerande innlegg.
Dagen starta med innleiande ord frå leiar i Sunnhordlandsrådet, André Mundal Haukås. Etter dette fekk forsamlinga høyre kva ungdomane meiner er viktige punkt i brytningstida me står i. Bjarte N. Tjensvoll og Eirik Nitter la dette fram på vegne av ungdomsråda i Sunnhordland. Ein flott og retningsgjevande start på konferansen, som blei arrangert på Stord Hotell.
Kommunescenario 2040
Korleis ser Norge – og kommunane i Sunnhordland ut i 2040? Kven bur her, kva jobbar er tilgjengelege, korleis er demografien og kva økonomiske konsekvensar ser ein av demografiendringane? Mangel på arbeidskraft og kompetanse, kva betydning har det. Inntektstruktur i kommunane, det økonomiske handlingsrommet og kva dette kan ha å seie for utviklinga i framtida. Dette var berre noko av det seniorrådgjevar ved KS Konsulent, Håvard Moe kom inn på i det svært så engasjerande innlegget sitt. Tilbakemeldingane etter innlegget var tydelege og svært gode. Betraktningane og analysane som vart viste var det fleire som gjerne skulle fått med seg.
Vestland er i endring – kva gjer vi?
Både fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland og statsforvaltaren i Vestland, Liv Signe Navarsete hadde innlegg som belyste dette. I etterkant var det panelsamtale der også leiar i Bømlo ungdomsråd, Bjarte Notland Tjensvoll, kommunedirektør i Stord kommune, Tommy Johansen og André Mundal Haukås, ordførar i Sveio kommune deltok. Moderator Håvard Moe utfordra deltakarane på kva grep som er viktige for framtida.
Grøn næringsutvikling – i Sunnhordland
Etter eit tydeleg og gnistrande innlegg om Grøn Region Vestland og Sunnhordland sin plass her av avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon i Vestland Fylkeskommune var temaet grøn næringsutvikling godt innleia. Lukkast Sunnhordland så lukkast Vestland! Verdiskapinga i regionen målast i milliard-skala. Han understreka også verdien av samarbeid innan industrihubar, energiomstillingshubar og biohubar. Innan alle desse felta har me hubar i Sunnhordland.
Næringsutviklingsselskapet Atheno vart vist til i innlegget, og dagleg leiar Astrid Kjellevold gav eit godt bilde av kva dei har og kjem til å ha fokus på frametter. Dei jobbar dagleg med gründerbedrifter, og skal bidra til grønt samarbeid mellom bedrifter. Invest in Sunnhordland ved Lene Pilskog og prosjektleiar Magne Heimvik hadde fokus på Kraftrapport Sunnhordland og kor viktig tilgang på elektrisitet for ei grøn industriutvikling er.
Samfunnsutvikling og Region Sunnhordland
Samarbeid var også ein grøn tråd gjennom dagen. Dette vart mellom anna understreka av ein av Region Sunnhordland sin samarbeidspartnarar, Haugaland Vekst. Dagleg leiar Sigmund Lier understreka med ulike eksempel at strategisk samarbeid er særs viktig for auka gjennomslag.
Region Sunnhordland er samfunnsutviklingsselskap for dei 8 kommunane i Sunnhordland. Dagleg leiar Tora Haslum Myklebust teikna også eit tydeleg bilde av kor viktig samarbeid for suksess er. Ein av dei store utfordringane for framtida er kompetansebehovet og trongen for auka rekruttering. Nina J. H. Matre er prosjektleiar for Bu i Sunnhordland som har nett dette som fokusområde. Korleis når me dei unge, korleis beheld me dei her. Prosjektet som er eigd av Region Sunnhordland har mange verkemiddel her, og har dette som prioritert satsingsområde.
Regjeringa viser til at reiseliv er den 5. største eksportnæringa i Norge, og har valt norsk reiseliv som den neste nasjonale eksportsatsinga (regjeringen.no). Reiselivsansvarleg i Sunnhordland, Hilde Eide Helland var i sitt innlegg tydeleg på kor viktig næringa er for Sunnhordland. Merket for berekraftig reisemål står sentralt her. Merkeordninga er det Innovasjon Norge som administrerer i Norge. Visit Sunnhordland vart sertifisert i merkeordninga i 2021, og skal i inneverande resertifiserast.
Brynjar Stautland og Anouk-Letizia Firle, høvesvis dagleg leiar og geolog i Sunnhordland UNESCO global Geopark viste gjennom sine innlegg kva som gjer at Sunnhordland har naturleg rikdom i verdsklasse.
Formannskapskonferansen hadde viktige punkt på dagsordenen, og det var tydeleg at dette engasjerte. Alle reaksjonane i etterkant understreka dette.
Region Sunnhordland takkar alle som kom, og ser fram til samarbeidet i brytningstida!