Geopark Sunnhordland • 9. desember 2022
Geopark Sunnhordland innstilt til endeleg UNESCO-godkjenning
I det årlege jurymøtet i UNESCO Global Geopark Network i Paris 8. desember 2022 vart Geopark Sunnhordland innstilt til endeleg godkjenning i UNESCO Executive Board.
I det årlege jurymøtet i UNESCO Global Geopark Network i Paris 8. desember 2022 vart Geopark Sunnhordland innstilt til endeleg godkjenning i UNESCO Executive Board. Avgjerda om parken får UNESCO-godkjenning vert tatt på møtet som finn stad i april 2023.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Universitetet i Bergen og Norges Geologiske Undersøkelser jobba med dette sidan 2015.
«Eit stort arbeid er lagt ned, av mange. Me trur dette skal bli eit sterkt redskap for reiseliv og undervisning i Sunnhordland!» seier dagleg leiar i Geopark Sunnhordland, Brynjar Stautland.
Du finn meir informasjon om geoparken på nettsida til Geopark Sunnhordland.