Visit Sunnhordland • 21. mars 2024
Inspirerande reiselivssamling og årsmøte for Visit Sunnhordland
Måndag og tysdag denne veka arrangerte Visit Sunnhordland årsmøte og reiselivssamling på Haaheim Gaard. Det vart 2 dagar med inspirasjonspåfyll og workshop med Sunnhordland som heilårsdestinasjon som tema.
Måndag og tysdag denne veka arrangerte Visit Sunnhordland årsmøte og reiselivssamling på Haaheim Gaard.
Det vart 2 dagar med inspirasjonspåfyll og workshop med Sunnhordland som heilårsdestinasjon som tema.
Årsmøte og gode innlegg
Første dag av samlinga starta med velsmakande og god lunch på Haaheim Gaard, etterfulgt av årsmøte. Reiselivsansvarleg Hilde Eide Helland losa oss gjennom årsmøtesakene.
Etter dette var det innlegg både av Matarena AS, Sunnhordland Adventure, Bu i Sunnhordland, Sunnhordland UNESCO Geopark samt styringsgruppeleiar i Visit Sunnhordland, Torstein Hatlevik. Fokus var Sunnhordland heile året, bu- og besøkslyst og berekraft.
Styringsgruppeleiar i Visit Sunnhordland og husfar på Haaheim Gaard, Torstein Hatlevik, var ein av dei som hadde innlegg på reiselivssamlinga 18. – 19. mars.
Foto: Visit Sunnhordland
Gardsbesøk med ostesmaking
Ein av dei mange flotte reiselivsaktørane på Tysnes er Myrdal Gård. Nynke og Jasper van Schaik har tatt med seg den velkjende nederlandske ostetradisjonen som dei kombinerer med lokale råvarer. Deltakarane på reiselivssamlinga fekk både smake på prisvinnande ostar og sjå produksjonslokale. Meirsmak og inspirasjon!
Ostesmaking av både geitemelk- og kumelksostar på Myrdal Gård.
Foto: Visit Sunnhordland
Fleire av geitene på Myrdal Gård var svangre med killingar. Dei såg ut til å like besøket!
Foto: Visit Sunnhordland
Workshop: Sunnhordland heile året
På dag to var det heilårsdestinasjonen Sunnhordland som sto på programmet. Dagleg leiar i Region Sunnhordland leia workshopen. Mange spennande og gode forslag kom opp, og dette tar me med oss vidare i arbeidet for sesongutviding.
God innsats og stort engasjement under workshop-delen av reiselivssamlinga.
Foto: Visit Sunnhordland