Visit Sunnhordland • 1. februar 2024
Gode overnattingstal for Sunnhordland i 2023
SSB publiserte 31. januar 2024 statistikk over kommersielle overnattingar for 2023, og det har vært eit godt år for Sunnhordlandsregionen.
SSB publiserte 31. januar 2024 statistikk over kommersielle overnattingar for 2023, og det har vært eit godt år for Sunnhordlandsregionen.
For Sunnhordlandsregionen gjekk kommersielle overnattingar opp med totalt 8% frå 2022. Norske overnattingar auka med 7% og utenlanske med 9%.
Vi har passert 2019 i talet på kommersielle overnattingar. Totalt hadde regionen 238 590 overnattingar i 2023 mot 193 318 i 2019.
Størst auke ser me i våre nærmarknader som Tyskland, Nederland, Sverige og Danmark.
Tre marknader Visit Sunnhordland vil følgje ekstra godt med på er Spania, Italia og USA, som viser tydeleg auke i 2023.
Arbeidsmarknaden ser ut til å være stabil og påvirkar ikkje det totale biletet.
På landsbasis har kommersiell overnatting hatt ei auke på 2,5 % målt mot 2022. Norske overnattingar sank med 1,6 %, mens utenlandske overnattingar auka med 13,5%.
Overnattingsmoglegheiter i Sunnhordland – sjå reiselivsportalen Visit Sunnhordland/Fjord Norway.