Visit Sunnhordland • 5. februar 2025
Gode overnattingstal for Sunnhordland i 2024
I følgje tal frå Statistisk Sentralbyrå auka talet på kommersielle overnattingar i Sunnhordland i 2024 med totalt 8% samanlikna med året før.
SSB publiserte i dag statistikk over kommersielle overnattingar for 2024.
Talet på kommersielle overnattingar i Sunnhordland gjekk opp med totalt 8% samanlikna med 2023. Norske overnattingar hadde ein svak nedgang på 1%, mens utanlandske overnattingar auka med 30%. Talet på kommersielle overnattingar fortset den stabile auka i regionen, og utgjorde heile 257 420 gjestedøger mot 238 590 i 2023. Auken skjer innan ferie- og fritidsmarknaden.
Størst auke ser me framleis i våre nærmarknader som Tyskland, Danmark og Storbritannia. Talet på overnatting i arbeidsmarknaden ser ut til å vere stabil, med ein liten nedgang.
Det er også ei tydeleg auke i tal på overnattingar med gjester frå Spania, Italia og USA.
Dette er tre marknader me følger ekstra godt med på. Statistikken viser at det har vore eit godt år for overnattingsverksemdene i Sunnhordland. Tilreisande og lokale har eit breitt og godt utval av ulike overnattingsstader dei kan velje mellom når dei kjem til regionen. Dette er svært positive tal som viser at Sunnhordland er ein attraktiv region som tilbyr det marknaden etterspør, seier Hilde Eide Helland, reiselivsansvarleg i Visit Sunnhordland.
På landsbasis har kommersiell overnatting hatt ei god auke på 4,2 % målt mot 2023. Norske overnattingar auka med 1 %, mens utanlandske overnattingar auka med heile 12 %.