Sunnhordlandsrådet • 17. mars 2025
Kommunane må handle no: Omstilling i helse- og omsorgssektoren
Sunnhordlandsrådet samla 14. mars 2025 kommunale leiarar, fagfolk og politikarar til årets formannskapskonferanse på Stord hotell. Temaet var presserande: Korleis kan kommunane auke omstillingstakta i helse- og omsorgssektoren?
Med ei aldrande befolkning, fleire yngre med hjelpebehov og stadig færre yrkesaktive per pensjonist, må kommunane tenke nytt – og dei må gjere det no.
Konferansen kasta lys over sentrale utfordringar i sektoren.
Frode Kyrkjebø frå KS Vestland la fram tal som viser at presset på helse- og omsorgstenestene vil auke dramatisk dei neste åra. Kommunane må finne nye løysingar for å sikre både kapasitet, kvalitet og kompetanse.
Omstilling, velferdsteknologi og nytenking
Monica Rydland frå NHH poengterte at leiarar i kommunane må byggje ein kultur for omstilling og nytenking. Velferdsteknologi og innovasjon kan spele ei nøkkelrolle, men berre om dei blir brukt strategisk og målretta. Erfaringane frå prosjekt som TØRN på Bømlo og Randaberg viser at det er mogleg å effektivisere tenestene utan at det går utover brukartilfredsheita.

Ein ny demografisk kvardag
Ein engasjerande politisk debatt viste at det er brei semje om at noko må gjerast raskt, men viste og ei usemje mellom partia kva tiltak ein vil prioritera. Kommunane må leggje til rette for betre rekruttering til helseyrka, sikre kompetanseutvikling og ta i bruk nye løysingar for å møte framtidas behov.
Sunnhordlandsrådet understrekar at det hastar. Me går inn i ein ny demografisk kvardag der etterspurnaden etter helse- og omsorgstenester vil auke raskare enn tilgangen på arbeidskraft. Skal kommunane klare å levere gode tenester framover, må det tenkjast nytt – og det må gjerast no.

Foto: Dagleg leiar i Region Sunnhordland, Tora Haslum Myklebust og rådsleiar i Sunnhordlandsrådet André Mundal Haukås er godt nøgde med årets formannskapskonferanse.
Alle foto © Kjetil Fyllingen