Krev statlig støtte til nytt krisesenter
Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet krev statlig støtte til nytt felles krisesenter i Aksdal. Dei to regionråda går samla ut med ei tydeleg oppmoding til Stortinget: Staten må bidra til finansieringa av nye krisesenterbygg.
Under eit fellesmøte i Aksdal torsdag fekk dei to regionråda omvising på tomta der eit nytt felles krisesenter for Krisesenter Vest IKS er planlagt.
I møtet vedtok råda også ein felles høyringsuttale til Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, der dei ber om at krisesenterbygg blir
omfatta av relevante investeringsordningar i Husbanken.
Bakgrunnen er at 16 kommunar på Haugalandet og i Sunnhordland samarbeider om å etablere nytt krisesenter i Tysvær. Prosjektet har ei
kostnadsramme på om lag 120 millionar kroner.
Kommunane tar eit felles ansvar
I uttalen understrekar regionråd at krisesentertilbodet er ei lovpålagt kommunal oppgåve, og at trygge og spesialtilpassa bygg er ein heilt
avgjerande del av arbeidet mot vald i nære relasjonar.
Samstundes peikar dei på at dagens ordningar ikkje er tilpassa denne typen investeringar. Krisesenterbygg fell i dag utanfor Husbankens relevante
investeringsordningar, og det betyr i praksis at kommunane sjølv må bere svært store kostnader.
I uttalen heiter det at «Dette fører til at kommunane i praksis må bere store investeringar åleine, ein praksis som avvik frå ordninga som omfatter bygg retta mot andre lovpålagte tenester.»
Regionråda meiner dette er urimelig, særleg når kommunane allereie har vist vilje til samarbeid og felles løysingar på tvers av kommunegrensene.
Vil ha like rammer for lovpålagte tenester
Prosjektet i Tysvær blir løfta fram som eit konkret eksempel på at kommunane tar ansvar og finn gode interkommunale løysingar. Samstundes understrekar regionråda at staten må bidra dersom slike prosjekt faktisk skal kunne realiserast.
Behovet for eit nytt og moderne bygg er også godt dokumentert.
I fjor hadde krisesenteret i regionen nær 3.000 overnattingsdøgn og eit gjennomsnittleg opphald på 32 dagar. Det viser både omfanget og alvoret i tenesta, og behovet for trygge og funksjonelle lokale.
Avslutningsvis oppsummerer regionråda bodskapen slik: «Når kommunane tar ansvar for å utvikle gode løysningar, må staten leggjee til rette for at dette også kan realiserast i praksis.»
Felles pressemelding fra Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet, 27. mars 2026.
Foto © Torstein Tysvær Nymoen/Haugaland Vekst: Haugalandsrådet og Sunnhordlandsrådet under omvisning på tomta i Aksdal, der
nytt felles krisesenter for Krisesenter Vest IKS er planlagt.