Visit Sunnhordland • 12. September 2023
Marknadsføringskurs for medlemmer
26. september 2023 arrangerer Visit Sunnhordland markedsføringskurset "Skap synlighet" for medlemmer og reiselivsbedrifter.
Tema for kurset er m.a. relasjonsmarkedsføring, Meta-universet, annonseadministrasjon, digital storytelling og innhaldsproduksjon.
Kursleiarane kjem frå Kreativ Industri. Firmaet er nasjonal leverandør for «Skap synlighet»-kurset for reiselivet på vegne av Innovasjon Norge. I tillegg til å vere kurshaldarar jobbar dei til dagleg med marknadsføring og utvikling for reiselivsbedrifter.
Kurset er ei oppfølging av marknadsføringskurset i februar 2023, og passar for deg som dagleg jobbar med marknadsføring.
Dato: 26. september 2023
Tid: Kl 8:00 – 15:30
Stad: Vabakkjen 6, Stord.
Påmeldingsfrist er 15. september 2023.