Kursserie- KI i reiselivet
Korleis kan KI gjera arbeidskvardagen enklare?
Korleis kan KI gjera arbeidskvardagen enklare?
Kan det hjelpa deg med innhald og marknadsføring, svar til gjester, produktutvikling – eller rett og slett frigjera tid til andre oppgåver?
Gjennom samarbeidet vårt med Norwegian Travel Cluster får partnarbedriftene i Visit Sunnhordland denne hausten tilgang til ei rekkje digitale KI-kurs spesielt tilpassa reiselivet.
Kursa er praktisk retta og tek utgangspunkt i oppgåver og problemstillingar ein møter i reiselivskvardagen. Du treng heller ikkje vera ekspert for å delta. Kursa er delte inn i to nivå, slik at du kan velja ut frå kor mykje erfaring du har frå før.
For deg som vil koma i gang
Nivå A er for deg som har liten erfaring med KI, eller som allereie har prøvd litt, men ønskjer å bli tryggare på korleis verktøya kan brukast på ein god måte.
- 15. oktober: Trygg og ansvarleg bruk av KI
- 20. oktober: KI som praktisk arbeidshjelp
- 2. november: Lag KI-policy for eiga bedrift
- 5. november: Kople e-post, kalender og rekneskap til Claude
For deg som vil ta KI-bruken eit steg vidare
Har du allereie brukt KI ei stund? Nivå B går vidare inn i korleis teknologien kan nyttast i konkrete delar av reiselivsverksemda.
- 12. november: KI i marknadsføring og innhald
- 17. november: KI i produktutvikling og gjesteinnsikt
Du treng ikkje ta heile kursrekkja. Vel det kurset som er mest relevant for deg og bedrifta di, eller bruk hausten til å byggja kompetanse steg for steg.
Partnarpris for Visit Sunnhordland
Ordinær pris er 2 000 kroner per kurs. Som partnarbedrift i Visit Sunnhordland får du tilgang til kursa for 500 kroner per kurs.
For å få partnarprisen treng du ein rabattkode frå oss. Ta kontakt med Hilde E Helland (hilde@visitsunnhordland.no) Visit Sunnhordland før du melder deg på, så sender me deg koden.
Gjennom samarbeidet med Norwegian Travel Cluster ønskjer me å gjera relevant kompetanse meir tilgjengeleg for reiselivsnæringa i Sunnhordland og bidra til at fleire kan ta i bruk KI på ein måte som faktisk er nyttig i kvardagen.