Karrieremessemånad med fleire hundre samtalar om Sunnhordland
Kor er Sunnhordland? Kva type ledige jobbar finst der? Kva firma held til i regionen, og korleis er det å bu i Sunnhordland? Dette var berre nokre av spørsmåla me fekk då me snakka med studentar i Trondheim, Oslo og Bergen denne månaden.
Kva lurer studentane på om Sunnhordland?
Kor er Sunnhordland? Kva type ledige jobbar finst der? Kva firma held til i regionen, og korleis er det å bu i Sunnhordland? Dette var berre nokre av spørsmåla me fekk då me snakka med studentar i Trondheim, Oslo og Bergen denne månaden.
Dette er berre noko av det studentane lurer på.
Studentane er interesserte, kompetente og opne for moglegheiter. Mange vil ikkje bu i storbyar, og på den andre sida kjenner dei heller ikkje til det regionen byr på. Det har Bu i Sunnhordland og samarbeidsbedriftene opplyst dei om på karrieremessene!
Kor mange studentar deltok på karrieremessa i Trondheim?
Saman med Wärtsilä og Kvinnherad kommune hadde Bu i Sunnhordland også i år stand under KarriereDagene 2026 på NTNU. Messa, som blir omtalt som den største karrieremessa i Noreg, har årleg rundt 15 000 besøkjande. Det eksakte talet for årets messe er ikkje kjent.
Tilstrøyminga til standen til Bu i Sunnhordland var stor. Me som bemanna standen, var i samtalar med studentane nærast uavbrote.
På Gløshaugen vrimla det av studentar innan fag som kybernetikk, KI, marin teknologi, berekraftig energi, industriell økonomi, arkitektur og bioteknologi. Studentane er kunnskapsrike og klare for framtida, med imponerande kompetanse som regionen treng.

Anne Synnøve Lønne (Region Sunnhordland, Grete Solheim (Kvinnherad kommune) og Christoffer Bø (Wärtsilä) fortalde nærast uavbrote om moglegheiter i Sunnhordland 10. september under KarriereDagene NTNU.
Eit hovudinntrykk hos oss som stod på stand – i alle studiebyane me besøkte – er at folk absolutt er flyttbare. Balansen i livet er viktig. Difor må dei få vite om Sunnhordland og kvalitetane her, for mange kjende ikkje til det regionen kan tilby.
Kva skjedde på middagen med Bu i Sunnhordland?
Etter karrieremessa inviterte Bu i Sunnhordland påmelde studentar til middag i Trondheim. Dei 40 plassane vart raskt fylte. I løpet av tre timar fekk studentane påfyll i form av mat, nettverking og ikkje minst kunnskap om Sunnhordland.
I ein av bordkonkurransane skulle laga vere kreative og lage song eller dikt om Sunnhordland. Dei imponerande produksjonane vart framførte for dei andre deltakarane og vitna om begeistring for Sunnhordland.
Kva erfaringar fekk me i Oslo og Bergen?
Veka etter karrieremessa i Trondheim stod Oslo og Blindern for tur. Denne veka var Grieghallen i Bergen arena. I dei to største byane i Noreg møtte me også kunnskapsrike og kompetente unge vaksne. Det er verkeleg håp for framtida.

Kven deltok saman med Bu i Sunnhordland?
Palfinger Marine og Wärtsilä var med på desse messene. Saman representerte me både privat og offentleg sektor, og gav studentane rettleiing og inspirasjon om Sunnhordlandslivet.
Kva tid er neste karrieredag?
Me ser fram til neste karrieredag. I oktober møter me realfagsstudentar ved Universitetet i Bergen på «Realiser karrieredag».

Godt humør og gode samtalar med studerande ved Blindern, Universitetet i Oslo.