Sterk vekst for reiselivet i Sunnhordland i 2026
Reiselivet i Sunnhordland har hatt ei sterk utvikling så langt i 2026
Reiselivet i Sunnhordland har hatt ei sterk utvikling så langt i 2026. Til og med juli er det registrert 192 176 kommersielle overnattingar – ein vekst på 15 prosent samanlikna med same periode i fjor. Samtidig når Sunnhordland ut til stadig fleire gjennom målretta marknadsføring og samarbeid.
Både norske og utanlandske overnattingar aukar
Frå januar til og med juli vart det registrert 192 176 kommersielle overnattingar i Sunnhordland, mot 166 764 i same periode i 2025. Norske overnattingar har auka med 17 prosent, til 114 298, medan utanlandske overnattingar har auka med 13 prosent, til 77 878. Norske gjester står dermed for 59 prosent av dei registrerte overnattingane og utanlandske for 41 prosent.
Fleire viktige marknader viser god utvikling. Tyskland har auka med 20 prosent, Nederland med 16 prosent, Sverige med 33 prosent og Danmark med 25 prosent. Sunnhordland, og særleg Stord, har også ein betydeleg del yrkestrafikk. Tala for formålet med hotellopphald er likevel for usikre til at me ønskjer å bruke dei som eit presist mål på fordelinga mellom ferie og arbeid. Mange overnattingar manglar registrert marknad, og delar av informasjonen blir registrert manuelt. Utviklinga i nasjonalitetane gir likevel interessante signal. Veksten kjem ikkje frå marknader som tradisjonelt er knytte til yrkestrafikk, som Polen og Litauen. Noreg, Tyskland og Nederland er blant marknadene som bidreg til den positive utviklinga.

Fivelandsneset Fjordhytter med utsikt til Åkrafjorden
Besøket er større enn overnattingstala viser
Dei ordinære overnattingstala gir heller ikkje heile biletet av besøket i Sunnhordland. Korttidsutleige gjennom Airbnb og andre digitale plattformer kjem i tillegg til delar av den ordinære statistikken.
Korttidsutleige – ein viktig del av biletet
Korttidsutleige gjennom digitale plattformer er blitt ein viktig del av overnattingsmarknaden, men tala er krevjande å samanlikne direkte med den ordinære overnattingsstatistikken. Plattformdata og den kommersielle overnattingsstatistikken måler ulike ting. Ei utleigd bustadnatt kan til dømes representere fleire gjester, og tala kan difor ikkje leggjast direkte saman eller brukast til å slå fast kor mange gjestedøgn korttidsutleiga representerer.
Tala for Sunnhordland omfattar Airbnb, Booking.com og Vrbo, og gir likevel ein indikasjon på omfanget av denne marknaden. Frå januar til august 2026 vart det registrert nær 54 000 utleigde bustadnetter, og i august var nær 800 bustader tilgjengelege for korttidsutleige.
Sjølv om tala må tolkast med varsemd, viser dei at korttidsutleige er ein betydeleg del av overnattingsmarknaden, og at den ordinære overnattingsstatistikken åleine ikkje gir eit fullstendig bilete av besøket i Sunnhordland.
Mange besøkjer Sunnhordland frå sjøvegen
Også cruisetrafikken bidreg med eit betydeleg tal dagsbesøkande. I Åkrafjorden har rundt 18 000 cruisegjester så langt i år delteke på organiserte utflukter gjennom reiarlag og agentar, og talet er venta å nærme seg 20 000 utover sesongen. I tillegg kjem rundt 10 000 gjester frå cruise gjennom andre incomingaktørar, ein del av marknaden som er i vekst. Rosendal har så langt teke imot rundt 8 000 cruisegjester, medan fire cruiseanløp på Stord har hatt til saman 8 732 passasjerar. Det kjem også cruisegjester inn i regionen frå andre hamner, mellom anna gjennom utflukter frå Odda.

Fjordcruise i Åkrafjorden med båten Langfoss.
Foto: Visit Sunnhordland
I tillegg har gjestehamnene i Sunnhordland registrert rundt 10 000 gjestedøgn. Dette talet er har vært stabilt dei siste årene. Desse overnattingane er ikkje registert i SSB, men henta ut frå kvar hamn.
Sæbøvik Hamn
Foto: Visit Sunnhordland

Tala kan ikkje summerast direkte med overnattingsstatistikken, men viser breidda i besøket til regionen. Ei viktig oppgåve framover er ikkje berre å få gjestene hit, men å leggje til rette for at besøket også skaper lokal verdiskaping.
Stor digital synlegheit
Visit Sunnhordland har samtidig hatt sterk utvikling i eigne digitale kanalar. Frå 1. januar til midten av september har innhaldet på Facebook og Instagram fått om lag 1,4 millionar visningar, ein stor oppgång samanlikna med førre samanlikningsperiode. Me ser ei positiv utvikling i talet på nye følgjarar, noko som bidreg til at Sunnhordland som region blir stadig meir synleg i digitale kanalar.
Parallelt har Always-on-kampanjen gjennom Fjord Norway gitt stor internasjonal synlegheit for Sunnhordland. Kampanjen er retta mot utvalde marknader i Belgia, Nederland og Storbritannia, og har frå januar til midten av september generert over 2,5 millionar annonsevisningar og nær 83 000 klikk. Trafikken viser også godt engasjement. Dei som kjem inn gjennom kampanjen har i gjennomsnitt 4 minutt og 46 sekund engasjementstid på destinasjonsportrettet, mot 1 minutt og 7 sekund for organisk trafikk.Samtidig har destinasjonssida for Sunnhordland på visitsunnhordland.no/fjordnorway.com hatt over 75 000 visningar så langt i år, ein kraftig auke frå året før.
Samarbeid gir større rekkevidde
Ein viktig del av marknadsarbeidet skjer saman med andre. I år har Visit Sunnhordland hatt fleire samarbeid med Fjord Norway og Visit Norway, i tillegg til eigne innhaldsproduksjonar. Gjennom ein produksjonstur med innhaldsprodusentane Espen & Silje frå Bakketun Media vart det produsert nytt innhald frå Åkrafjorden, Austevoll og Stord. Til hausten står Kvinnherad for tur. Visit Sunnhordland bidrog også til RO-stuntet saman med Visit Norway, som skapte stor merksemd både gjennom Visit Norway sine kanalar og våre eigne. (Bilete i toppen er frå RO-stuntet på Tysnessåto)
Samarbeida gjer det mogleg å nå langt utover det Visit Sunnhordland kan oppnå gjennom eigne kanalar åleine.

Eit av fleire innlegg frå produksjonsturen til Espen &Silje.
Måten gjestene finn oss på er i endring
Samtidig endrar måten gjestene søkjer og planlegg reiser på seg raskt. Stadig fleire nyttar AI-tenester som ChatGPT og Gemini til å hente inspirasjon, samanlikne reisemål og planleggje konkrete reiser. Visit Sunnhordland arbeider difor meir målretta med AEO – Answer Engine Optimization. Det betyr mellom anna at me byggjer opp og utviklar innhaldet på nettsidene våre slik at informasjonen er tydeleg, strukturert og relevant. For reiselivsbedriftene betyr utviklinga at korrekt og oppdatert informasjon om mellom anna opningstider, prisar, booking, transport og aktivitetar blir stadig viktigare, både for tradisjonelle søkemotorar og AI-tenester.
Gode resultat – og moglegheiter vidare
Dei gode tala så langt i 2026 gir grunn til optimisme. Samtidig handlar utviklinga framover om meir enn å få flest mogleg gjester.
For Sunnhordland ligg ei viktig moglegheit i å få fleire til å oppdage regionen gjennom større delar av året, bli lenger og legge igjen større verdi lokalt.
Kjelder og datagrunnlag
SSB / Innovasjon Norge – Overnattingsstatistikk: Kommersielle overnattingar i Sunnhordland januar–juli 2026, inkludert utvikling fordelt på norske og utanlandske gjester og nasjonalitetar. Korttidsutleige i Sunnhordland: Eksperimentell data frå Vestland Fylkeskommune for Airbnb, Booking.com og Vrbo, januar–august 2026. Oversikta omfattar mellom anna tilgjengelege bustader, utleigde bustadnetter og belegg. Fjord Norway / Google Analytics 4: Trafikk og bruk av destinasjonssida for Sunnhordland på fjordnorway.com, januar–september 2026. Fjord Norway – Always-on-kampanje for Sunnhordland: Resultat frå Google Ads og trafikk til destinasjonsportrettet, 1. januar–14. september 2026. Meta Business Suite / Visit Sunnhordland: Visningar, rekkevidde, engasjement og utvikling i eigne sosiale medium, januar–september 2026. Åkrafjorden: Tal på cruisegjester på organiserte utflukter og gjennom andre incomingaktørar i 2026. Stord Hamnestell: Passasjertal frå cruiseanløp på Stord i 2026. Rosendal Turistinformasjon: Tal på cruisegjester i Rosendal i 2026. Gjestehamnene i Sunnhordland: Gjestedøgn henta inn direkte frå dei enkelte gjestehamnene.