På «Sunnhordlandsturné» i studiebyar
I september kan studentar og andre interesserte treffa representantar frå både bedrifter, kommunar og Bu i Sunnhordland i både Trondheim, Oslo og Bergen. Denne månaden blir det arrangert karrieremesser i byane, og Sunnhordland er sjølvsagt representert.
Trondheim, Oslo og Bergen på programmet
Først ut av studiebyane er Trondheim. Torsdag 10. september deltar Bu i Sunnhordland på KarriereDagene NTNU. Bindeleddet NTNU skriv på sine sider at messa har funne stad sidan 2004, og er den største i sitt slag.
Med oss i Trondheim har me Wärtsilä og Kvinnherad kommune, fortel Anne Synnøve Lønne i Region Sunnhordland. På standen til Bu i Sunnhordland kan studentane få både informasjon om og inspirasjon til å bu i Sunnhordland. Blant dei besøkjande vil det vere alt frå førstekulls-studentar til studentar som er i gang med siste året av studiet. Sommarjobbar og trainee-ordningar og faste stilling er interessant å fortelje om. Både ein spennande jobbmarknad, bustadmarknaden og kulturtilbod er moment som er viktige når ein vurderer kor ein skal busetje seg, og dette er noko av det me har fokus på å formidle, seier ho vidare.
Seinare i månaden står også karrieremesser i Oslo og Bergen for tur. Også her har Bu i Sunnhordland med seg representantar frå samarbeidsbedrifter i Sunnhordland.

Middag og mingling
Det blir også høve til å knyte tettare band til regionen og bedriftene for studentar i Trondheim 10. september. Bu i Sunnhordland inviterer då til middag, mingling og ein sosial kveld. Her er det alt mange påmelde, så vil du vere med på, må du vere rask med påmeldinga. Det er avgrensa tal på plassar. Du finn meir informasjon om dette arrangementet og kan melde deg på via Bu i Sunnhordland sin eigen nettportal.
Også i Bergen blir det arrangert middag med Bu i Sunnhordland og samarbeidsbedrifter. Dette skjer seinare i september, så følg med for vidare informasjon!