Visit Sunnhordland • 5. april 2024
Kva betyr reiselivet i Sunnhordland for deg?
Visit Sunnhordland og dei åtte kommunane i Sunnhordland ynskjer å få eit innblikk i korleis de som innbyggarar opplever reiselivet i regionen, og kva syn de har på reiselivsutviklinga?
Kvifor vil vi ha svar på dette?
I 2021 blei Visit Sunnhordland merka som Berekraftig Reisemål, ei sertifiseringordning gjennom Innovasjon Norge.
Ordninga er internasjonalt godkjent som eit måleverktøy for å vise korleis vi jobbar for å bli eit meir berekraftige.
Me skal i 2024 re-sertifisere oss og treng difor dine innspel om reiselivsutviklinga i Sunnhordlandsregionen.
Du som innbyggar er viktig for reiselivet si utvikling, det er nemleg slik at «ein god plass å bu, er ein god plass å besøke».
Spørjeundersøkinga tek ca. 3-4 minuttar og dersom du legg ved e-posten din er du med i konkurransen om ein god lunsj i Sunnhordland.
Vi set stor pris på tida og engasjementet ditt! Takk for at du bidrar.