Bu i Sunnhordland • 8. november 2024
Mingel for alle som vil bli kjent med regionen
Bu i Sunnhordland legg til rette for at både studentar, nytilflytta eller dei som berre lurer på kva som skjer kan treffast og byggje nettverk.
Ny i regionen? Tilbake til regionen og veit ikkje kva som skjer?
Ta turen til Mingel! Bu i Sunnhordland legg til rette for at både studentar, nytilflytta eller dei som berre lurer på kva som skjer kan treffast og byggje nettverk. Mingel er eit gratis afterwork-arrangement med både mat og sosialt samvær.
Det er ei uformell samling der hovudvekta er at dei som kjem kan treffe nye vener, bli kjende med regionen – både i forhold til kva som skjer på fritidsfronten, men også få tips om næringsliv og offentleg sektor. Det blir servert mat, og ofte har vertane ein kjekk aktivitet på lur. Mingel er gratis og for alle over 18 år.
Månadleg Mingel
I løpet av året har det vore arrangert Mingel nærast kvar månad i 2024. Ei av partnarbedriftene til Bu i Sunnhordland har kvar månad vore ansvarleg som vert for «sitt» arrangement. Dei informerer då gjerne litt om si bedrift og kva moglegheiter dei byr arbeidstakarane.
Helse Fonna er mingelvert på Mingel i november
Neste «Mingel» finn stad 21. november og då er det Helse Fonna som er vertskap. Helseføretaket Helse Fonna har om lag 4200 medarbeidarar, og gir spesialiserte helsetenester innbyggjarane i Sunnhordland, i indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Meir info om komande arrangement finn du på nettsida til Bu i Sunnhordland. Du finn også arrangementet på Facebook – med lenkje til påmelding!
Velkommen på Mingel!