Inviterer til LinkedIN-workshop med Fredrik Fornes
Bu i Sunnhordland inviterer partnerbedrifter, kommunar og andre bedrifter til ein lærerik workshop der du får lære korleis byggje omdømme, drive sal og rekruttering på LinkedIn i 2024! På workhop-en deler Fredrik Fornes dei beste tipsa sine for nettopp dette.

Mange norske bedrifter brukar plattforma feil, meiner Fornes. 22. august er han klar til å formidle korleis han meiner er beste måten å bruke LinkedIN på.
Kva kan du lære denne dagen?
På workshop-en vil Fredrik Fornes gi deltakarane konkrete fakta om korleis ein kan optimalisere det ein postar på LinkedIn. Anten du jobbar med marknadsføring, HR eller sal – på workshopen får du gode verktøy som vil hjelpe deg å nå ut på LinkedIn.
Fornes er marknadsførar, føredragshaldar og forfattar. Han har skrive fleire engasjerande innlegg om arbeidsliv, karriere og aldersdiskrimminering til dei 40000 følgjarane sine på LinkedIn.
Bu i Sunnhordland gjev bedrifter og kommunar moglegheiter til å høyre han live!
Dato og tid: torsdag 22. august kl 12:00 – 15:00.
Stad: Verket (Vabakkjen 6) på Stord
NB! ARRANGEMENTET HAR FUNNE STAD!