Påmelding Internship 2026
Internship Sunnhordland 2026 er eit sommarprogram der studentar jobbar med reelle utfordringar i bedrifter i regionen.
Programmet har plass til 15 studentar og gir verksemder i Sunnhordland ein unik moglegheit til talentrekruttering.
Bedrifter får tilgang på nye perspektiv, moglegheit for å rekruttera framtidige medarbeidarar og høve til samarbeid i eit regionalt nettverk. Fleire bedrifter kan gå saman om ein student eller fleire.
Kva får studentane?
Studentane får ein sommarjobb med reelle prosjekt, faglege og sosiale samlingar kvar veke og verdifull arbeidserfaring i regionalt næringsliv.
Bedrifter betaler løn til studenten og ein eigenandel på kr 5 000 per student som dekker faglege og sosiale samlingar. Vestland fylkeskommune og kommunane i Sunnhordland bidreg med om lag kr 500 000 til rekruttering, prosjektleiing, marknadsføring og gjennomføring av samlingane.
Meld bedrifta di på her
Påmelding skjer etter «første mann til mølla» prinsippet. Frist: 23. desember 2025.