Sunnhordlandsrådet • 16. januar 2025
Sunnhordlandsrådet til Stortinget for å fremme regionale saker
Sunnhordlandsrådet har denne veka vore i Oslo å løfta fram viktige saker for regionen.
Ein hadde på turen møte med Hordalandsbenken, samt Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Energidepartement, Helse- og omsorgsdepartementet , Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Næring- og fiskeridepartementet og Samferdselsdepartementet.
Delegasjonen bestod av ordførarar og kommunedirektørar frå Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, samt dagleg leiar i Sunnhordlandsrådet, Tora Haslum Myklebust. Over to dagar har dei drøfte ei rekkje tema med stortingsrepresentantar og statsrådar. Målet med møta var å fremje sentrale saker som påverkar Sunnhordlandsregionen og bidra til konkrete løysingar for lokal og nasjonal utvikling.
Dei folkevalde og leiarane i Sunnhordland har lagt fram ei bredde av saker som representerer innbyggjarane sine interesser og hatt konstruktive samtalar som legg grunnlaget for betre vilkår for regionen.
Sunnhordland har sterke næringar, eit rikt kulturliv og stor vilje til vidare utvikling. Likevel er me avhengige av støtte frå sentrale styresmakter for å løyse dei utfordringane som påverkar kvardagen til innbyggjarane våre. Den årlege turen til Oslo er difor ein viktig arena for å synleggjere desse sakene. Det var òg i år svært kjekt å møte både statsrådar, statssekretærar og stortingsrepresentantar som verkeleg syner interesse for det me bringer til torgs, seier André Mundal Haukås, leiar i Sunnhordlandsrådet.
Nokon av tema som er blitt fremja er behovet for betre vegar, eit auka kraftbehov, betre helse- og omsorgstilbod, havbruksmeldinga, ferjeavløysingsmidlar, reiselivet sine interesser og inntektssystemet til kommunane. Gjennom desse samtalane håpar delegasjonen å styrke samarbeidet mellom lokalt og nasjonalt nivå.
For meir informasjon, kontakt Tora Haslum Myklebust, dagleg leiar Sunnhordlandsrådet IPR: mobil 41 21 70 24