Om Bu i Sunnhordland
Bu i Sunnhordland er eit regionalt samarbeid med næringsliv og kommunar i Sunnhordland.
Me skal gi dei som er på leit etter sin første jobb eller ny jobb kunnskap om kvifor velje Sunnhordland. Målet er å byggje kunnskap kring lokalt arbeidsliv både innan privat og offentleg sektor, og vise kva valmoglegheiter det er i Sunnhordland. Dette gjeld både i forhold til arbeid, men også i forhold til fritidsmoglegheiter, skule og bustad.
Det er viktig at ein heilt frå tidleg alder får kunnskap om kva moglegheiter ein har i Sunnhordland.
Omdømme- og rekrutteringsarbeidet starta med eit forprosjekt, og frå 2012 blei arbeidet ei fast satsing for Region Sunnhordland IKS.
Ja takk, begge delar
Sunnhordland har eit mangfald av jobbar å tilby. Både innan det offentlege og det private er variasjonen og tilbodet stort.
Her kan du ha utfordrande og spennande arbeid, samtidig som du bur i trygge omgjevnader.
Du har kreative utfordringar i jobben, samstundes som naturen byr til friske aktivitietar på fritida.
Regionen har meir å by på enn eit aktivt arbeidsliv. Her er eit mangfald av tilbod innan kultur, idrett og andre fritidsaktivitetar.
I Sunnhordland møtest høgteknologiske nyvinningar, vilt hav og stille fjellvidder, flott skjergard og grøderikt landbruksland. Du finn lune idyllar, blåfrosen isbre og mektige fossar.
Her finn du eit av landets mest særmerkte og varierte landskap. I tillegg finns det minnesmerke frå steinalder, jernalder, bronsealder og vikingtid.
Sunnhordland er alltid i endring. I brytninga mellom fjell og hav, mellom det tradisjonelle og det hypermoderne, finn du moglegheiter for å leva akkurat det livet du ønskjer!

Bu i Sunnhordland nyhende