RE:tenk Reiseliv Sunnhordland – Ein inspirerande start på året for reiselivet
Mandag denne veka samla reiselivsaktørar frå heile Sunnhordland seg til RE:tenk reiseliv Sunnhordland
Ein fagleg samling fylt med inspirasjon, ny kunnskap og engasjerande samtalar. Arrangementet fann stad i våre eigne lokaler på Stord. Og til tross for dårleg ver ute blei det godt oppmøte, stemning og summing i lokalet.
Ein dag med fagleg påfyll og nye perspektiv

Arrangementet gav deltakarane eit breitt og framtidsretta fagleg påfyll. Dagen starta med ei overordna innleiing om regenerativt reiseliv, der Pål K. Medhus frå Høve Støtt tok publikum med gjennom utviklinga av sentrale omgrep i norsk reiseliv, frå økoturisme og berekraft til dagens fokus på regenerative prinsipp. Innlegget utfordra deltakarane til å reflektere over kva regenerativt reiseliv faktisk inneber, og korleis ein kan nærme seg desse prinsippa gjennom heile verdikjeda. Vidare gav Trygve Sunde Kolderup frå Spor konkrete og gode døme på kva regenerativ turisme kan vere i praksis, basert på erfaringar frå eit langt liv i reiselivet.
Elisabeth Markussen frå Wonderful Copenhagen viste oss korleis prosjektet CopenPay er eit konkret døme på korleis turistar kan bidra til meir berekraftige val på reise, gjennom enkle insentiv og samarbeid. Ho delte også litt om vegen vidare for prosjektet. Visit Sunnhordland delte deretter blikket framover, med ei orientering om retning og satsingar for 2026.

Etter pausen fekk deltakarane konkrete og praksisnære innlegg om bruk av kunstig intelligens i reiselivet. Erik Aasen frå Fjord Norge viste korleis KI blir nytta i innhaldsarbeid og utvikling av nettsider, med tydelege dos and don’ts. Sunnhordland UNESCO Global Geopark delte erfaringar frå oppstarten av prosjektet Maromora, med fokus på teknologi som verktøy i formidling og utvikling. Dagen vart runda av med fleire praktiske innspel om bruk av KI i sosiale medium.

Som ein ekstra del av programmet stod Jon Hjørnevik for eit overraskingsinnlegg, der han gav eit morosamt og kuriøst blikk på bruk av kunstig intelligens. Innslaget skapte både latter og ettertanke, og viste at KI òg kan formidlast med glimt i auga.
Takk for ein dag med gode innspel, nyttige verktøy og inspirerande samtalar om vegen til å RE:tenke reiselivet i Sunnhordland i 2026.