Visit Sunnhordland • 4. desember 2024
Sunnhordland resertifisert som Berekraftig Reisemål
Det er med stor glede me kan melde at Sunnhordland er blitt resertifisert gjennom Innovasjon Norge si merkeordning som Berekraftig Reisemål.
Diplomen for remerking blei me tildelt 4. november 2024, og er eit bevis på at regionen står samla i arbeidet for å utvikla Sunnhordland til det beste for innbyggjarar, besøkande og framtidige generasjonar.
Takk til Sunnhordlandsregionen
Me vil takka reiselivsnæringa, frivilligheita og kommunane i Sunnhordland for samarbeidet som har gjort denne resertifiseringa mogleg. Gjennom tre år med målretta innsats har me saman vist at berekraft er ei felles forplikting som styrkar både reiselivsnæringa, lokalsamfunnet og miljøet.
Kva betyr berekraftig reisemål?
Merkeordninga frå Innovasjon Norge er eit viktig verktøy for reiselivsnæringa i Sunnhordland. Gjennom denne ordninga forpliktar vi oss til å balansera opplevingar og ansvar. Arbeidet handlar om å tilby opplevingar som imponerer, men som samstundes tek vare på miljøet, respekterer lokal kultur og gir noko tilbake til lokalsamfunnet.
Gjennom felles mål og samarbeid styrkar me grunnlaget for ei meir berekraftig utvikling. Merkeordninga hjelper både små og store aktørar med å ta berekraftigare val som sikrar gode opplevingar i dag – og for framtida.
Kvifor er dette viktig for Sunnhordland?
Berekraft handlar om å ta vare på det som gjer Sunnhordland unikt. Me ønsker å skape arbeidsplassar, aktivitet og liv i regionen året rundt, samtidig som me vernar om dei mektige naturressursane og dei rike kulturtradisjonane våre.
Ved å jobba langsiktig sikrar me at besøkande får oppleva Sunnhordland på sitt besta – og at også kommande generasjonar får sjansen til å oppleve naturen og kulturen.
Visit Sunnhordland medlem av Berekraftsnettverket
Som ein del av arbeidet med merket har Visit Sunnhordland blitt ein stolt del av Berekraftsnettverket, som samlar aktørar med felles mål om å fremja ein berekraftig utvikling av reiselivet i Noreg. Gjennom deltaking i dette nettverket får destinasjonen tilgang til verdifull kunnskap, ressursar og moglegheiter for samarbeid som styrkar arbeidet med å oppnå måla i Innovasjon Norge sin standard for berekraftig reisemål. Nettverket bidreg til å sikre at destinasjonar kan lære av kvarandre, dele erfaringar og utvikle tiltak som gjer reiselivet meir berekraftig og ansvarleg. Dette arbeidet er i tråd med globale standardar og FNs berekraftsmål.