Bu i Sunnhordland • 11. juni 2024
Vil ha kontakt med både studentar, nyutdanna, tilflyttarar og innbyggjarar
Kva jobbar finns i Sunnhordland, kva kan du gjere på her og korleis knyte kontaktar for framtida? Svaret kan du få på Sommar-Mingel.
Mange har liten kunnskap om alle jobb-moglegheitene som finns i Sunnhordland. Nett no er det lyst ut over 350 stillingar i regionen. Variasjonen er stor, og spenner frå informasjonsrådgjevar, helsesekretær og kokk til supervisor. Både innan jobb-marknaden og på fritida har Sunnhordland mykje å tilby. Det skjer mykje både på kulturfronten og når det gjeld aktivitetar, sommar som vinter. Til arrangementet kjem både representantar for ulike Sunnhordlands-bedrifter, Kulturkontoret og Visit Sunnhordland for å fortelje om nettopp dette.
Kor og kva tid
Det heile skjer på Stord Folkehøgskule i Leirvik sentrum torsdag 20. juni kl 16.
Her kan ein kome for ein kjekk og nyttig ettermiddag. Bedrifter og kommunar stiller med stand, dei presenterer seg frå scena, og deltakarane kan knyte kontakt med dei. Det blir musikk «servert» av DJ Ronja, sjølvsagt god mat og moglegheiter til å vinne flotte premiar. Mange har kanskje vore basar og vunne premiar på såkalla årer. På Sommar-Mingel blir det basar litt utanom det vanlege. Alt på arrangementet er nemleg gratis – også årene (lodda)! Thor Oddvar Havn er konferansier.
Bedrifter med «heis-pitch»
Verksemdene som deltar presenterer seg frå scena, i tillegg til at dei har stand og elles er tilstade på arrangementet. Bedrift og vurderer å delta som utstillar? Du får mer informasjon hos prosjektleiar i Bu i Sunnhordland, Nina J. H. Matre.
Påmelding for deltakarar
Er du student? Ny i Sunnhordland? Tilbake frå studier og veit ikkje kva som skjer? Bur du i Sunnhordland og vil bli kjend med nye folk? Knyte kontakt med moglege framtidige arbeidsgjevarar? Då kan du lese meir om Sommar-Mingel på nettsida til Bu i Sunnhordland – der finn du også påmeldingsinformasjon. Påmeldingsfristen er 17. juni, og alle deltakarar må vere over 18 år.
Velkommen til ein kjekk og nyttig ettermiddag!